Bjørgulv Drengsson Bjørnaraa (1878–1942)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv og Ingebjørg Bjørnarå då dei gifte seg i 1900. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Dette skal vera Bjørgulv Drengsson og kona, Ingebjørg Sigurdsdotter, fotograferte i Amerika omlag 20 år etter emigrasjonen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Bjørgulv Drengsson Bjørnaraa (fødd 1878 i Bykle, død 1942 i Minnesota) var lærar og gardbrukar. Etter at han emigrerte til USA i 1901 vart han den første leiaren i Setesdalslaget, og han var òg aktiv i anna norsk-amerikanske arbeid.

Han var son av Dreng Tarjeisson Bjørnarå (1839–1921) og Tore Pålsdotter Steinsland fra garden Der heime i Bjørnarå i Bykle.

Bjørgulv var den yngste i ein syskjenflokk på seks, to jenter og fire gutar. Eldstebroren Torgeir Drengsson Bjørnaraa (1864–1951) vart også lærar. To av brørne hans, Pål Drengsson Bjørnarå (1868–1912) og Olav Drengsson Bjørnarå (1875–1897) vart ihelslegne – Pål i eit slagsmål i Minnesota og Olav i eit brudlaup på Rike i Valle. Systera Anne Drengsdotter Bjørnarå (1867–1918) døydde ugift i Bykle, medan Birgit Drengsdotter Bjørnarå (1867–1902) vart gift og flytta til Kristiansand.

I 1898 tok Bjørgulv Bjørnaraa lærareksamen med Seljord seminar. Broren Torgeir var ein av lærarane hans, på skulen som vart leia av Viggo Ullmann.

Han vart gift med Ingebjørg Sigurdsdotter Brokke (1879–1966) i 1900. Dei fekk elleve born:

  • Tore, f 1901, d 1902.
  • Dreng, f 1903, d 1987, journalist, sidan off.adm., sist informasjonsdirektør, busett St. Paul, Minnesota, g m Elfrida Knutson, f 1898, d 1961, 1 barn, g 2 1962 m e Elizabeth G. Hobe.
  • Olav, f 1905, farmar, Hickory Township, Minnesota, ug, d 1960.
  • Selma, f 1907, lærar, g m Eric Johnson (svensk), busett Trail, Minnesota, 1 barn.
  • Torvald, f 1909, d 1960, farmar, sidan byggmeister, sist busett Oklee, Minnesota, g m Geline Alvhilde Stålesdtr. Tveiten (etternamn frå Høydalsmo), f 1918, d 2001, 2 born.
  • Einar, f 1911, farmar, spelemann, Hickory Township, Pennington, Minnesota, ug, d 1972.
  • Tora, f 1913, kosmetolog, Trail, Minnesota, ug, d 1936, bilulukke.
  • Borghild, f 1916, d 1987, deltok i 2. verdskrigen, seinare postfunksjonær, g m Fred Lublow, busett El Cajon, California, ikkje born.
  • Sigurd, f 1919, d 2005, deltok i Koreakrigen, arbeidde seinare i bygningsbransjen, g 1949 m Denver Arnold, busett Eureka, California, 2 born.
  • Anna, f 1921, d 1935.
  • Solveig, f 1923, sekretær, liver våren 2005, g m William Costa, busett Victorville, California, 3 born.

Same året som han gifte seg fekk han dottera Birgit med Gyro Olavsdotter Bø. Ho vaks opp hjå pleieforeldre i Hommelunden i Valle.

I 1902, i samband med at dottera Thora døydde, står det i kyrkjeboka at han var konstituert lensmann i Evje.[1]

Paret reiste til Amerika i 1903, og busette seg i Minnesota.[2] Dei første åra var han lærar i Starbuck i Pennington County. I 1912 fekk han seg så eit småbruk, ein homestead, i Langeid Township, Pope County. Den som er kjend i Setesdal kjenner att namnet på fylket; her var det nok ein del setesdøler. Flyttinga gjekk ikkje så greit, for flyttelasset med det meste av det dei åtte gjekk tapt i ein brann. Ved sidan av gardsarbeidet haldt Bjørgulv Bjørnaraa fram som lærar, og det var kona og borna som måtte gjere det meste på garden.

Han byrja tidleg å engasjere seg i å organisere norsk-amerikanarar, og særleg setesdølane. Som aktiv skribent i lokalavisene, byskrivar og protokollførar for skulestyret var han ein kjend mann i miljøet. At han spela hardingfele var òg eit pluss. Han var med på å skipe fleire ungdomslag, skyttarlag og idrottslag, og var leiar i fleire av dei. I 1909 tok han initiativ til å skipe Setesdalslaget, og han vart den første leiaren der. Det vervet hadde han i heile 32 år. I 1916 var han òg med på skipinga av Norwegian-American Bygdelagenes Fellesraad, ein paraplyorganisasjon for dei omlag femti norske bygdelaga i USA. Der sat han i styret så lenge han levde, og han var leirar då han døydde.

Han reiste mykje rundt, og skal ha vitja alle dei norske bygdelaga med taler, dikt og felespel. Han var òg kappleiksdomar, og i 1914 skipa han The Hardanger Violinist Association of America. Han la stor vekt på at norsk-amerikanarane måtte ta vare på den norske kulturarven dei hadde med seg over.

I 1930 var Bjørgulv på vitjing i Noreg, som leiar for ei gruppe på nær tusen norsk-amerikanarar. Høvet for denne reisa var 900-årsjubileet for slaget på Stiklestad. Under turen heldt han foredrag på 35 stader i Noreg.

I gravferda til Bjørgulv Bjørnaraa møtte det opp meir enn 2500 menneske. Både Setesdalslaget og bygdelagssamskipnaden er framleis aktive. Landslaget for hardingfelespelarar gjekk i oppløysing då han døydde, men vart teke oppatt i 1980-åra.

Referansar

  1. Bjørgulf Drengsen Bjønnaraa i Ministerialbok for Evje prestegjeld, Evje sokn 1884-1909 fra Digitalarkivet.
  2. Bjørgulv Drengsen Bjørnaraa i Emigranter over Kristiansand 1873-1930 fra Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur