Dovrefjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Dovrefjell med Fokstua stasjon på Dovrebanen.

Dovrefjell (dialektform på sørsida: Doverfjelle' ) er namnet på fjellområdet geografisk avgrensa av elvene Jore i Lesja og Grøvudalselva i Sunndal, Drivadalføret frå Gjøra i Sunndal til Oppdal, frå Oppdal til Innset i Kvikne, Kviknedalføret og Savalen, Grimsdalen og Dovrebygd- og Dombås-dalføret attende til Jore.[1] I eldre litteratur har elles området vore definert større, t.d. av Johan Falkberget som inkluderte Rørosområdet i Dovrefjell.[2]

Namnet er truleg gjeve frå Oppdalssida: fjellet der vegen over til Dovre går. Dovre var nok opphavleg ein opphavsgard nede i dalen, så å nytte nemninga «Dovre» på fjellområdet er eigentleg like meiningslaust som å kalle Fillefjell for «Fille».

Frå gamalt var nok Dovrefjell mest kjent som eit vanskeleg vegstykke å krysse, særleg fordi det er langt og går gjennom verhardt høgfjell. I nyare tid er det meir kjent for rik høgfjellsnatur med store område verna i form av Dovrefjell nasjonalpark og som nasjonalsymbol særleg i form av eidsvollmennenes utsegn da dei hadde avslutta grunnlovsarbeidet med «Enige og troe, indtil Dovre falder!».[3]

Steinalder

Ope for bidrag.

Jernalder - vikingtid

Ope for bidrag.

Mellomalder

Bygging av fjellstuer Elles ope for bidrag.

1500- og 1600-talet

Ope for bidrag.

1700- og 1800-talet

Vegbygging Elles ope for bidrag.

1900-talet

Jernbanebygging: Dovrebanen Nasjonalpark Elles ope for bidrag.

Fjellstuene

Fjellstuene hadde statssøtte i form av fjellstuetoll.

Seinhaustes 1718 trekte norske dragonar seg attende over Oppdal og opp Drivdalen etter å ha vore pressa vekk frå Trondheim av dei karolinske dragonane i general Armfeldt styrke. 2. og 3. desember brende dei ned alle fjellstovene for å hindre svenskane i å følgje etter over fjelle mot Sør-Noreg.[4]

Poststellet

I 1647 vart postruta Christiania - Trondheim over Dovrefjellet organisert. Frå starten var det postbønder i bygdene på kvar side som vart pålagt ansvaret for å frakte posten over fjellet.[5] Frå 1734 gjekk plikta til å frakte posten over fjellet over til fjellstovene. Postbøndene i Oppdal skulle da frakte poste til næraste fjellstue og fjellstuedrivarane vidare til neste fjellstue. Drivstua skulle så frakte post sørfrå vidare ned til prestgarden i Oppdal, og Fokstugu måtte transportere post nordfrå ned til Tofte i Dovre.[6]

Skyssing

Bøndene hadde frå gamalt av skyssplikt. Plikta for fjellstuene i den eldste tida er usikker, men i alle fall frå 1734 da fjellstuene vart pålagt postføringa måtte dei nok òg stille hestar til skyssing. Det var berre rideskyssing fram til sist på 1700-talet da utbygginga av køyreveg tok til for alvor.[7]

Konduktørforretningane i 1840-åra

Fokstugu

Fokstugu fjellstugu

Fokstugu ligg ved elva Foksåe sør for Vålåsjøen og Fokstua stasjonDovrebanen og er den sørlegaste og yngste av fjellstuene på Dovrefjell. Det er registret fast busetjing her i alle fall i 1646. Grunnen til at det kom opp ei fjellstue her var nok at den gamle vegen over Gautstigen var omlagt til hardbakken, og da vart avstanden frå Tofte til Hjerkinn så lang at det vart behov for ein ny kvile- og overnattingsstad. Det kan elles ha vore eldre busetnad i området; det er registrert hustufter om lag 1,5 km sør for der Fokstugu ligg i dag, ved Gorbekken, der det og har vore kalla Gamel-Fokstugu. Det kan ha vore eit hus for trafikk frå Romsdalen over fjellet.[8]

Vesle-Hjerkinn

Hjerkinn

Kongsvoll

Kongsvoll fjellstugu

Holet

Holet, eller Gamalholet, låg der øvste enden av Vårstigen kjem ned ved riksvegen i dag. Busetjinga her nok i alle fall frå tidleg 1600-tal. Statusen som fjellstugu er dokumentert frå kring 1670. Fredrik 4. skifta hestar her under ferda i 1704. Kring 1709-10 vart husa i Holet skadde av skred,[9] og 2. desember 1718 vart husa altså nedbrende. Dei vart nok i hovudsak oppattbygde nokre km lenger opp i dalen der dei seinare vart kalla Kongsvoll.

Drivstua

Drivstua skal ha vore nemnt i eit kongebrev frå 1270, utferdiga av Magnus Håkonsson, som seinare er bortkome[10] Først på 1700-talet var Drivstua gjestgjevargard og skiftestad for leigeskyssen. Fem Oppdalsgarar, Sætre, Vollen, Søsto Engan, Utesto Engan og Stølen, skulle stille hester og hjelpe til med skyssen. Saman med fjellstua var det da 16 hestar til disposisjon.[11]

Etter oppmålinga i 1840-åra fekk Drivstua tillagt eit utmål på ca 126 000 mål. Fjellstuedrifta vart avviukla i 1921 da Dovrebanen kom. I 1933 fekk brukaren kjøpe Drivstua av Staten for kr 20 000[12]

Ferdselsvegar

Fjellvegen frå Rise til Hjerkinn

Denne tok opp ved Rise, på austsida av høgste Risberget, over Jamterbekken i den vestre lia av Vinstradalen mot Stallhøa og Drottningdalen.[13] Vidare gjekk vegen aust for Knutshøa og til Hjerkinn fjellstugu.[14]

Vårstigen

Vårstigen

Vårstigen er namnet på den bratte vegstrekninga frå Holet til Nestasvollen. Drivdalen var trong og vanskeleg å passere, særleg i vårløysinga, så frå gamalt tok ride- og kløvvegen her opp frå dalbotnen og opp i skoggrensa. I samband med at kong Fredrik 4. skulle til Trondheim i 1704 vart det igangsett arbeid for å gjere Vårstigen køyrbar med vogn.

Vegstrekninga er 6230 meter. Breidda var nok i utgangspunktet 4 alner (2,5 m). Det er ikkje gjort større utbetringar etter 1704. I 150 år var dette hovudvegen mellom Sør-Noreg og Trøndelag.[15]

Hjerkinn - Tofte: Gautstigen

Fokstugu - Tofte over Hardbakken

Litteratur

  • Bjerkås, Ola 2006. Drivdalen. Gards- og slektshistorie for Oppdal. Bind II. Oppdal kommune.
  • Engen, Arnfinn og Gunnar Kaas 2003: Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk. Frå Hjerkinn til Hjelle. Dovre kommune.
  • Kleiven, Ivar 1923. Lesja og Dovre. Kristiania: Aschehoug.
  • Rise, Ola J. 1947-51. Oppdalsboka. Historie og folkeminne. Bd I og II. Oslo: Tanum.
  • Sletbak, Nils 1977. Fjellstuene på Dovrefjell. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Om Dovrefjell i Store norske leksikon

Referansar

  1. Sletbak s. 16
  2. Sletbak s. 15
  3. Jfr www.eidsvoll1814.no
  4. Sletbak s. 144ff.
  5. Sletbak s. 162.
  6. Sletbak s.174f
  7. Sletbok s. 175f. og s. 178ff.
  8. Engen 2003: 38.
  9. Sletbak s. 82-92.
  10. Sletbak s. 59f. Brevet omhandla eigedom og ytinga oppsitjaren i Drivstua.
  11. Bjerkås s. 500f
  12. Bjerkås s. 508.
  13. Rise bd II s. 76, stadnamna kontrollert mot kartet.
  14. Kart Sletbak s. 315
  15. Oppslagstavle ved enden av Vårstigen.