Ethelbert Lort Phillips

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Anonymt portrettfoto, trulig frå borgarmeistertida i Dartmouth (1910–11).
Ethelbert Lort Phillips (fødd 1857, død 15. oktober 1943[1] i Darthmouth) var ein engelsk forretningsmann og hobbynaturalist som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre Nordmøre, der han blant anna let byggje fire sportsvillaer, eller turisthytter som vi heller kallar dei i dag.

Familie

Ethelbert Edward Lort Phillips vart fødd i 1857 som det andre av fire born av Richard Ilbert Lort Phillips (18191860) og Frederica Isabella de Rutzen (d. 1904).[2] Han vart gift i 1891 med Louisa Jane Forbes Gunnis (d. 1946), dotter av George Ponton Gunnis.[2] Ethelbert Lort Phillips dødde i 1943 (etter norske kjelder) eller i 1944 (etter britiske kjelder).

Dartmouth

Ethelbert Lort Phillips var forretningsmann i Dartmouth i Devon i Sørvest-England, og han var òg borgarmeister der i 191011.[3] Ulike kjelder tyder på at anten Ethelbert[4] eller Louisa[5] var arkitekt av yrke.

Afrika

Som naturalist var han særleg interessert i ornitologi, og mellom 1884 og 1895 tilbrakte han mykje tid på jakt i Afrika, der han òg samla inn naturhistoriske data. Han gav somaliatrasten sitt vitskaplege namn, Turdus ludoviciae (1895),[6] så vel som korthalelerka, Pseudalaemon fremantlii (1897). I 1885 gav George Ernest Shelley (1840-1910) fuglearten somaliasteinskvett sitt vitskaplege namn, Oenanthe phillipsi, etter honom .[7]

Nordmøre

Todalshytta.
Foto: Olve Utne

Første gongen Lort Phillips kom til Norge var i 1886, da han reiste til Nordmøre for å fiske laks i Driva. Etterkvart tilbrakte han og kona kvar sommar på Nordmøre — siste gongen så seint som i 1937.[8]

Hytter

Munnlege tradisjonar i Sunndalen seier at Louisa skal ha laga teikningane til sportsvillaene familien let byggje på Nordmøre.[5]

Fotnotar

  1. Deaths. The Times (London, England), Tuesday, Oct 19, 1943; pg. 1; Issue 49680
  2. 2,0 2,1 «Rutland 12» på nettstaden The Descendants of William the Conqueror
  3. “1910–11 - Edward Ethelbert Lort Phillips” (Roll of Mayoralty i The Dartmouth Archives)
  4. «Lort-Phillips | Ethelbert | 1857-1943 | architect»Navigational Aids for the History of Science, Technology & the Environment
  5. 5,0 5,1 Stavik, Jarle: «Kvinnelige laksefiskere» på Digitaltfortalt.no
  6. «Somali Thrush»English Wikipedia
  7. «Ethelbert Lort Phillips»Fransk Wikipedia
  8. «Biblioteket stiller ut bøker etter E. Lort-Phillips» på nettsidene til Sunndal kommune