Giske kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Giske kommune
1532 Giske komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1532
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Valderøy
? Valderhaugstranda
Areal 40.49  km²
Areal land 39.87  km²
Areal vann 0.62  km²
Folketall 8 692 (2023)
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Giske kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og grensar mot Ålesund, Sula, Hareid og Ulstein. Kommunen vart skipa i 1908, då han vart skilt ut frå Borgund; Giske fekk sine noverande grenser i 1964 då Vigra vart innlemma.

Administrasjonssenteret ligg på Valderøy. Kommunen er ein øyommune og består av dei to flate øyane Giske og Vigra (den største øya) og dei ikkje fullt så flate Godøy og Valderøy. Hovednæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.

Øysamfunnet er knytt saman med broer og undersjøiske tunnellar, og har fastlandsforbindelse til Ålesund. Ålesund lufthamn ligg på Vigra.

Det er tre kyrkjer i Giske kommune, Valderøy kyrkje på Valderøy, Giske kyrkje på Giske og Vigra kyrkje på Vigra.

Kommunen har ein del fyrstasjonar: Alnes fyr, Erkna fyrstasjon, Høgsteinen fyrstasjon, Rosholmen fyrstasjon, Storholmen fyrstasjon, Synes fyrstasjon og Valderhaug fyr. Sistnemnde vart oppretta alt i 1772 som ei privat lykt på stolpe.

Nokre personar frå Giske kommune

Ekserne lenkjer