Kjeldearkiv:«En gammel Bagstekjærring paa Lesje»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.

Kjeldearkiv: «En gammel Bagstekjærring paa Lesje» er ei historie som vart funne i arkivet til Bygdebok for Lesja i form av eit udatert avisutklipp frå Decorah-posten i Minnesota. Den avisa har truleg henta det frå GudbrandsdølenLillehammer. Det er ikkje gjeve opp kven som skreiv stykket.

«Bagstekjerringa» er Mari Amundsdtr. Jerkenhaugen. Som det går fram av teksten, var Mari 67 år da ho vart intervjua, og derfor må dette ha vore skrive i 1909. Stykket er gjeve att i Årsskrift for Lesja historielag i 1995 s. 96-98. Redaktøren, Audun Einbu, moderniserte da språket og sette inn nokre ordforklaringar, og med løyve frå historielaget gjev vi att denne versjonen.

«En gammel Bagstekjærring paa Lesje»

Mari Jerkenhaugen sat på Holåk og baka flatbrød. Tørr og tynn, vever og rask var ho. Ho hefta seg ikkje bort om ho snakka med eit menneske. Kjevlet gjekk like rundt, og brødet vart ikkje brent på takka. Når middagsmaten kom, la ho heller ikkje reiskapen frå seg. Ho tok seg ein bit nå og da, og rulla utan stans.

– «Det er berre når eg får kaffe eg stansar kjevlet,» sa ho. «Den er så god, at da legg eg allting frå meg. Mellom oss sagt trur eg, at eg får kaffe ti gonger om dagen her på Holåk. Eg veit ikkje korleis det skulle gå om eg kom ut av bygda, eg som er så vant til denne kaffen.»

– «Du lever nå nesten berre av kaffe, og du,» sa ei jente som gjekk til og frå. «Du får deg ikkje stort mat.»

– «Det kan så vera; men eg ser da likså godt ut eg som eit alminneleg matmenneske.»

– «Kor mykje har du for dagen, når du bakar?»

– «Femti øre. I gamle dagar var det åtte skilling.»

– «Kan du leva av det?»

– «Leva av det? Eg har da skam i livet, eg og. Eg må da saktens leva godt og, for det.»

– «Ho legg seg opp pengar,» sa jenta, «men her på Holåk fekk ho gjerne åtti øre dagen, viss ho forlangte det.»

– «Det vil eg ikkje ha, femti øre er rundeleg nok.»

– «Du startar vel arbeidet tidleg om morgonen og held på til sein kveld?»

– «Eg skulle nå vore i arbeid kl. 4 eller 4.30, og ofte held eg på til kl. 10 om kvelden.»

– «Det hender altså du arbeider 17-18 timar om dagen?»

– «Ja, det kan vel ikkje vera for mykje for eit helsogt arbeidsmenneske. Eg får nok drive på, skal eg få gjort noko. Eg har bakinga på gardane frå Hattrem til Sygard Hole. Eg hugser her på Holåk, da Anna skulle ha bryllup[1]. Da sat eg her eg nå sit, i 26 dagar. Nå blir eg 67 år 15. august, men eg kryssar ingen. Eg har da ikkje den synda på meg, at eg har spara meg her i verden. Eg hadde ein mann, som var helselaus i 25 år, og mange barn, men berre ei ku. Han laut sitja heime, og eg arbeidde i gardane. Eg kan hugse om vintrane, når uveret var som verst, at eg tok buksa til mannen min på, og der snøfonnene var høgast rulla eg meg fram. Eg tente åtte skilling dagen, men vi greidde oss med det.»

– «Kva levde dei av, dei som var heime?»

– «Å, dei svalt vel litt somme tider. Men eg høyrde aldri om nokon som svalt i hel. Mysusuppe og sild var vel den vanlegaste maten. Elles kunne nok dei som var heime eta vass-suppe tre gonger om dagen. Kornet fraus ofte, og da hang ikkje mjølet saman i brødet. Da var det å blande med brødmose og fjellnever. Fjellnevera fann vi på steinar, og den kokte vi og sila av søet. Det var så seigt som rugmjølssuppe, og når det vart blanda i deigen heldt det til brød. Det var ikkje å gå på bua etter rugmjøl den gongen. I gardane kunne fattigfolk få ein del kornmerker[2], og da var det å tørke det i gryta og mala på handkverna. Men folket var sterkare da enn nå, og så synest eg dei i gamle dagar var meir takknemlege mot Vårherre enn nå. Nå er det liksom ikkje noko er godt nok. Hjå foreldra mine var vi åtte barn, og på plassen kunne vi fø ei ku. Far var skomakar, og mor vov. Eg hugsar mor sprang heim og stelte i stand mat til oss, da vi barna laut vera åleine heime.»

– «Var det mykje overtru i gamle dagar?»

– «Ja, det var det visst. Eg kan godt hugse at bestemor, når ho sende oss ut, sydde eit blad av Vanjeljebokje[3] inn i kleda våre. Eg synest framleis det var pent gjort av bestemor.»

– «Legar var det vel ikkje mange av i gamle dagar?»

– «Ein doktererte seg sjølv. Mot forkjølels' brukte vi å koke saman pepar og brennevin. Ein halvpel (1,2 dl) av det pla hjelpe. Verk var det Fortrud kurerte, han var full doktor. Kristen Bergbakken var heller ikkje dårleg. Når barna var sjuke, så var det jo ingen som kunne veta, kva det var som feilte dei. Men når dei fortsette å skrike, pla vi å smørja dei med varm talg om livet og leggje på ullklut, og da var det vanleg at dei roa seg. Jordmødre kjente dei ikkje til i gamle dagar. Enten hjelpte ein seg sjølv, eller om det stod hardt på, sende ein bod etter ei kone. Men barna kom da åt verda da og. Stort kluss var det ikkje. Husmannskjerringane stod opp med det same. Somme tok det med ro og låg i ein eller to dagar. Det var berre gardmannskjerringane som låg ei veke. Nå skal ei barselkone vera forsiktig med maten og. Jamen kan dei eta, når dei har lyst på det, det er mi erfaring.»

– «Tok dei mykje for hjelpa, konene?»

– «Husmannskjerringane betalte ikkje noko, for dei hadde ikkje noko å betale med; men gardmannskjerringane gav dei betaling.»

– «Hugsar du nokre fleire husråd?»

– «For frost[4] kokte vi einer og oske saman til lut. Så heldt vi den frosne kroppsdelen ned i luten. På det viset var såret rensa. Det var om å gjera å få ut den slimete væska or såret. Fjell-einen var rekna for å vera den beste.»

– «Hugsar du noka råd for engelsk sjuke?»

– «Engelsk sjuke trur eg ikkje fanst før dokterane kom til bygda...».

Referanser

  1. I 1883, red. merkn.
  2. Gammal vekteining, 1 mork = 250 gr., fleirtalsforma er merker.
  3. Evangelieboka
  4. Forfrysingar.