Knut Ellingsson Brautaset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Knut Ellingsson Brautaset (1755-1831) var gardbrukar, fødd på Kolbigarden på Myklebust i Follestaddalen. I 1783 vart han gift med Randi Knutsdtr (1763-1849) frå Knutegarden på Brautaset i Åmdalen. Knut og Randi vart brukarar på farsgarden hennar i 1786. Saman fekk dei fire born.

Både Follestaddalen og Brautaset høyrde i denne perioden til Ørsta sokn og Volda prestegjeld. Knut Ellingsson var involvert i fleire bygdekommunale saker. Han var ein av dei som skreiv under eit klageskriv til kongen om soknepresten i Volda i 1800, og i 1819 var han medlem av ei nemnd som vart sett ned i samband med oppføringa av eit bygdemagasin i Ørsta. Våren 1814 var han valmann for Volda prestegjeld.

Kjelder:

  • Dale, Bjørn Jonsson: «Ørstingar – ættebok for Ørsta», bd. I, Ørsta 1995, s. 355, 422.
  • Ellingsen, Gunnar: «Nærings- og kultursoge for Ørsta», Ørsta 2011, s. 101-102, 191-192.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: «Adresser og Fuldmagter», Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, 1914, s. 333.