Knut Johannessen Dahle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Johannessen Dahle med hardingfele, truleg teke i Minnesota då han var der i 1890-åra.
Foto: Ukjent / Bergen bibliotek

Knut Johannessen Dahle (født 14. oktober 1834Nedre Dale i Vestfjorddalen, død 7. juni 1921Jorde i Atrå) var spelemann og gardbrukar i Tinn i Telemark.

Knut var son av Johannes Torgerson og Anne Knutsdotter på Nedre Dale. Han lærde først å spele av morfaren Knut Synnstaul, og sidan av Olav Haakanes, Hølgje Førlid og Hans Fykerud. Då han var seksten år gammal høyrde han Håvard Gibøen spele, og frå då av heldt han seg til han som læremeister.

I 1890-åra kom Edvard Grieg for å høyre Knut Dale spele. Kapellmeister Johan Halvorsen skreiv ned 17 av dei beste slåttane, og Grieg sette dei opp for klaver. Rikard Berge tok opp omkring 120 av slåttane hans på fonograf. Knut Dale skal ha kunne heile 300 slåttar. Han komponerte også noko sjølv. Særleg kjend er «Rjukanfoss», som er inspirert av ein Myllarslott. Stilen minner då også meir om Myllarguten enn om Håvard Gibøen i denne slåtten.

Når han spelte hadde han også alltid ei soge å fortelje til kvar slått. Nokre av sogene vart nedskrivne, mellom andre et hundretals av Rikard Berge. Ein annan samlar, Th. Haukenæs, skreiv også ned nokre soger, men ikkje i Knut si form.

Knut Dahle reiste over til Amerika i 1890-åra, og ynskja å leve av fela si. Han fekk gode ord, men lite pengar. Heime i Tinn ville han også helst leve av musikken, og gardsdrifta kunne det vere så som så med. I folketeljinga 1900 ser vi at det var sonen Knut Knutsson som dreiv garden Jorde, der Knut Johannessen Dahle og kona Margit Jakobsdotter budde. I folketeljinga 1910 bur han same staden, og sonen driv garden, men kona hadde då gått bort. Han er oppført som «violinist» i 1900 og «Hardangerviolinist» i 1910. I 1912 fekk han innvilga heidersløn av Tinn kommune.

Sonesønene Johannes og Gunnar Dale blei også spelemenn, og tok vare på arven etter Knut Dale.

Kjelder

Eksterne lenkjer