Oplands-Tidende

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oplands-Tidende var ei regionavis for det indre Austlandet som vart gjeve ut på Lillehammer i fire årgangar over 3,5 år: første nummer kom tysdag 25. juli 1837 og det siste i november 1840.

Utgjevar var boktrykkar Hans Jensen Selmer (1809-1892). Han engasjerte «løytnant og kjøpmann» Ludvig Wiese som redaktør. Frå seinhaustes 1839 overtok Selmer sjølv som redaktør, da Wiese reiste til England for å arbeide med å skaffe eit dampskip på Mjøsa.

Oplands-Tidende kom ut med to nummer i veka i kvartformat (22 x 24 cm), fire to-spalta sider, og vart avløyst av Lillehammers Tilskuer som kom med sitt første nummer 2. januar 1841.

Litteratur

  • Ramberg, Knut 1994: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie I. GLT / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag s. 23-45.