Shetland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Spor etter norrøn busetning ved Jarlshof på Shetland.
Foto: Knut Rage (2006).

Shetland (Shetlandsøyane) er ein region, statthaldarskap og øygruppe tilhøyrande Skottland. Øygruppa er ein del av dei britiske øyane og består av 15 bebudde og 85 ubefolka øyer som strekkjer seg ca. 150 km nord-sør og 75 km aust-vest. På hovudøya Mainland finn ein byen Lerwick (norrønt Leirvik), der administrasjonssenteret held til. Øygruppa har eit areal på 1462 km² og eit folketal på 22 210 (2009). Av andre større øyar kan nemnast Unst, Yell, Papa Stour og Whalsey. Shetland har i århundrer hatt sterke kulturelle og økonomiske band til Noreg. Dei fleste stadnamna er av norrønt opphav, like eins gardsnamna. Den næraste byen på fastlandet er Bergen, 350 km unna.

Shetland som ein del av Noregsveldet

Shetland var tidlegare ein del av Noregsveldet under det norrøne namnet Hjaltland, eit namn som framleis går mykje att. Shetland sitt motto Með lögum skal land byggja, er henta frå Frostatingsloven.

Dei første norske vikingane kom til Shetland så tidleg som mot slutten av 700-tallet, og før 900 var dei herre over øyane. Den eldre befolkninga vart drivne vekk eller gjort til treller. Her som i dei andre områda vestpå innførte nordmennene den norrøne rettsskipnaden og samfunnsordninga. Alltinget heldt til på den staden som framleis heiter Tingwall. Ikkje langt unna liggjer Scalloway (norrønt Skålavåg) der tingfolket skal ha hatt buene sine. Det norrøne talespråket norn heldt seg levande heilt fram til 1800-talet, sjølv om skotsk kom inn som offisielt språk på 1400-talet.

Shetland låg i den første tida under orknøyjarlen, men på 1100-talet vart øygruppa lagt direkte under den norske kongen. I mellomalderen var det eit livleg handselssamband med Bergen og Sunnhordland gjennom den såkalla skottehandelen. I 1380 følgde Shetland med inn i unionen med Danmark. I 1469 pantsette Christian 1 øygruppa til Skottland som garanti for dattera Margrete sin medgift i ekteskapet med Jakob III av Skottland. Panten vart stikk i strid med hans høgtidlege løfte aldri innløyst, og i 1590 avstod Danmark øygruppa til Skottland. Ved den engelsk-skotske unionen i 1707 vart Shetland ein del av Storbritannia.

Shetland og Sunnhordland

Overrekking av ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte "Arthur" under opninga av museet i Scalloway på Shetland mai 2012. Frå v. museumsstyrar Robert Johnson, Atle Sangolt (steson av Shetlands-Larsen og som også miste sin eigen far under shetlandsfarten) og Anker Gravdal, som har laga modellen.
Foto: Knut Rage

Shetland vart i eldre tid sett på som ein del av Vestlandet. Handelssambandet mellom Shetland og Sunnhordland var særs tett. Sommars tid kunne fleire titals skip frå Shetland koma inn til bygdene i Sunnhordland etter tømmer og trelastprodukt. På Tysnes henta dei båtar som var laga på “flatpakka” vis og frakta over til Shetland, der dei vart sette saman. Desse båtane gjekk gjerne under namnet av hjeltabåtar.

Særleg Tysnes hadde eit nært samband til Shetland, gjennom innvandring og giftarmål. Den skotskætta Anders Mowat hadde eigedommar på Shetland. Han kom til Tysnes på slutten av 1580-talet og vart gift med adelsfrua Else Trondsdatter i Gjersvik, som var adelsætta Haard sin setegard. Dei var besteforeldra til Karen Mowat som vart gift med Ludvig Rosenkrantz, som bygde Rosendal baroni. Anders Mowat budde elles mykje av tida på garden Haukeland (Houckland) på Shetland. Det same gjorde sonen hans Jon, som i ein periode søkte tilflukt på Shetland i samband med eit pengekrav.

Frå moderne tid må nemnast Shetlandsbussen som gjekk mellom Sunnhordland (Bømlo) og Scalloway på Shetland under andre verdskrigen. Shetlands-Larsen vart i så måte tidleg ein levande legende. I dag er det eit musem i Scalloway til minne om Nordsjøfarten.

Norske gatenamn i Lerwick

I hovudstaden Lerwick er det fleire gater som er oppkalla etter norske kongar:

  • King Erik Street
  • King Harald Street
  • St. Magnus Street
  • St. Olaf Street

Litteratur og kjelder

  • Heggland, Johannes. Tysnes, det gamle Njardarlog. Tysnes Sogelag, 1964.
  • Heldal, Mikal: Skottehandelen. Sunnhordland Årbok, 2007.
  • Næss, And.: Skottehandelen på Sunnhordland. Sunnhordland Aarskrift, 1920.
  • Robberstad, Knut: Meir om Anders Mowatt. Sunnhordland Årbok 1961.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen: Vegen over havet. Frå Mowatene på Shetland til Baroniet Rosendal. Baroniet Rosendal, 2010.
  • Ymse oppslagsverk og nettsider


Koordinater: 60.15308° N 1.14176° V