Steinbukken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinbukken vert her brukt til å dra opp røter.

Steinbukken eller Stubbrytaren har lang tradisjon som eit allsidig reiskap i landbruket. Før traktoren og dei dieselhydrauliske gravemaskinene gjorde sitt inntog i dyrkingsarbeidet, var det steinbukken som vart nytta til mange tunge løft. Den som er oppvaksen på landsbygda og fødd før 1950-60 åra er kjende med denne reiskapen.

Oppbygging, enkel forklaring

Som alle reiskap har nok også steinbukken over tid vorte forbetra, sjølv om han endå er nokså enkel. Slik han er på bilda som ilustrerar dette stykkjet er der i tillegg til innskoren talje også ei tannhjulsutveksling på mellom fire og fem gonger. To plankar montert saman i toppen, og med eit tverstykke nede slik at det dannar ein trekant, er hovuddelen på steinbukken. I området rundt Volda vert denne delen kalla kongen. Truleg er området større. Det er langt mellom dei som har eit nert forhold til denne reidskapen, dermed er det få som nytta dei gamle namna. I toppen var festepunkt for dei to beina, og ein bøyel til toppblokka i taljen. Spelet med utveksling var montert på hovuddelen. Der høyrer med ein stoppar for å låsa spelet, og eit lås for utvekslinga når den er innkobla.

Bruk

Jostein Høydal i arbeid med steinbukken i hagen sin på Vallabøen, Ørsta. På dette bilde ser ein spelet og innskoren talje.
Maleri av steinbukk i bruk. Bygdemuseet i Dirdal.

Når steinbukken var oppreist flytte ein han ved skiftevis å flytte bein og kong. Skulle ein få slings rundt store jordfaste steinar, måtte ein stundom grava langs steinen for å finna hald. Ein annan måte var å bruka laushakar å setja inn i hakk på steinen, eller å slå eit hakk for feste. Fekk ein eit godt tak å lyfte etter, kunne ein kanskje spare seg noko graving rundt steinen. På førehand hadde ein lagt klar nokre lèsingar, høveleg store steinar, til å legga under etter kvart som ein fekk lyfta steinen. For å transportera steinen ut av stykket ein dyrka var det hest og steinslede som var alternativet. Med steinbukken løfte ein vel så store steinar som ein greidde å køyre ut. Var steinen større måtte han skytast. Bruksområdet var stort, det var dyrking, grøfting, muring og alt som var tungt, altså meir enn det handemakta rådde med. På lista over miljøvenlege og stillfarande reiskap må vel steinbukken kome på topp.

Røter og stubbar som også skulle ut av jorda fekk same handsaming. Derfor er også namna steinbukk og stubbrytar brukt om einannan.