Vestlandsk fjordfe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei gråkolle i VoldaSunnmøre.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Vestlandsk fjordfe er ein relativt liten og lettbygd storferase som vart godkjent som rase i 1890-åra. Levandevekta for vaksne kyr var ca. 250 kg i tida kring 1900, men på slutten av 1900-talet og først på 2000-talet har levandevekta vore ca. 400 kg i snitt. Grunnlaget for rasen er ulike populasjonar av storfe frå Søndre Bergenhus amt (frå 1919 Hordaland fylke), Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) og Romsdals amt (frå 1919 Møre fylke, no Møre og Romsdal). Rasetrekka er variable, og dyra kan vera hornut eller kolla; sidut, sadla, flekkut eller einsfarga; og av ymse ulike fargar. I dei første åra vart fleire lokale undertypar definerte — deriblant gråkollaSunnmøre. Kyrne i Romsdal og på Nordmøre, som begge låg til Trondheims stiftsamt, skulle vera svartsidot og kolla, og kunne såleis like gjerne bli rekna til den nærætta rasen sidut trønderfe og nordlandsfe. I 1947 vart rasen ihopslegen med vestlandsk raudkolle til sør- og vestlandsfe, men frå sist i 1980-åra har det vorte drive bevaringsarbeid av fjordfeet og raudkolla i separate linjer att. I 2006 var det registrert ca. 600 dyr av vestlandsk fjordfe i Kuregisteret.

Galleri

Kjelder og lenkjer