Nordre Bergenhus amt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nordre Bergenhus amt var eit amt som svarte til det seinare Sogn og Fjordane fylke (1919–2019. Det vart oppretta i 1763, då Bergenhus amt vart delt i Nordre og Søndre Bergenhus amt. 1. januar 2020 vart Vestland fylke oppretta med same grensene som Bergenhus amt hadde frå 1689 og fram til delinga i 1763.
Amtmenn
- Joachim Knagenhielm, 1763–1771.
- Magnus Theiste, 1771–1780.
- Ditlef Pentz, 1780–1781.
- Jonas Ramus Petersen, 1781–1788.
- Niels Dorph Gunnerus, 1788–1789.
- Peder Hersleb Harboe, 1789–1794.
- Andreas Hiorth, 1794–1802.
- Niels Andreas Vibe, 1802–1811.
- Hilmar Meincke Krohg, 1811.
- Herman Gerhard Treschow, 1811–1814.
- Rasmus Endresen, konst. amtmann 1814.
- Christian Magnus Falsen, 1814–1822.
- Edvard Hagerup, 1822–1831.
- Fredrik Riis, 1831–1832.
- Christian Ulrik Kastrup, 1833–1844.
- Hans Tostrup, 1844–1852.
- Emil Aubert, 1852–1860.
- Johan Collett Falsen, 1861–1869.
- Nicolai Ditlev A. Ræder, 1870–1875.
- Carl L.M. Oppen, 1875–1889.
- Olai Johan Olsen, 1889–1902.
- John Utheim, 1902–1910.
- Ingolf Elster Christiansen, 1910–1918 (fortsette som fylkesmann til 1930).
Kjelder
- Weidling, Tor: Eneveldets menn i Norge: Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660–1814. Riksarkivaren. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.