Ytre Fjærland krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jordal skulehus. Ei kvitmalt stove på grunnmur av stein. Gult hus i bakgrunnen. Bilde tatt med utsikt mot fjorden.
Jordal skulehus (2022).

Ytre Fjærland krins var ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune.

Krinsen omfatta dei veglause grendene i Fjærlandsfjorden, som til dømes Jordal, Lidal, Romøyri og Teigen. Frå 1957 vart krinsen slått saman med resten av Fjærland. Det vart samla skule for alle på Pålsneset i Mundal.

Skulehus

Skulen i Ytre Fjærland vart heldt som omgangsskule fram til 1870-talet. I skuleprotokollane oppgis det at skulen i perioden 1875-1887 mellom anna vart heldt i Jordal, Lidal, Rødbotten og Romøren.[1]

Lidal skule

I 1877 vart det lova 50spd. eller 200 kroner til ei rodestove i Lidal.[2] Skulestova i Lidal er omtala i skuleprotokollane for Ytre Fjærland frå 1878,[1] og var i bruk fram til 1901.[2] Denne stova skal i følge femårsmeldinga for 1891-1895 ha hatt plass til 20 barn og med et «avtredelsesværelse» for læraren. Skulen var også delvis på omgang på denne tida.[3] Under eit møte i krinsen i 1899 ønska eit mindretal å bygge ny skulehus på Raudbotten, men fleirtalet vann fram og skulestova vart lagd til Jordal[4].

Jordal skule

Skulehuset vart satt opp i 1901, og fungerte som skule for dei veglause grendene langs dei ytre delane av Fjærlandsfjorden, som mellom anna Lidal, Romøyri og Hammarsneset. Huset var i bruk som skule fram til 1957, då elevane vart overført til Mundal krins.

Etter ombygging har det gamle klasserommet vorte til stove. Her kan ein finne ein gamal vedovn og ein stor del av det gamle skulebiblioteket. Huset vart brukt som bustadshus ein periode, og vart ombygd i 1990. Etter dette har det vore utleigebustad.

Skuledagen

Sjukdom og fråvær

På slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet vart skuleborna no og då hindra av storm og uvèr, meir om dette under "Skulevegen" under.

I 1911 vart krinsen ramma av kolerasjuke,[5] mens borna frå Lidal i 1925 vart hindra frå å søke skulen på grunn av skarlagensfeber. Skuleprotokollane viser også at borna kunne komme ut for skadar heime som kunne hindre skulegong, bland anna minst to ulykkar med øks kor born hadde hugge seg sjølv i foten.[5] [6]

Skulevegen

Det nye skulehuset på Jordal førte til lengre skuleveg for fleire av barna frå dei ytre delane av Fjærlandsfjorden, t.d. barna frå Lidal. Bøndene i Lidal hadde, før den faste skulen i Jordal vart bygd, kjempa for eit skulehus eller rodestove i Lidal, slik at barna skulle sleppe den lange og vanskelege skolevegen over fjorden og opp til for eksempel Hammarsneset. Etter fleire år fekk dei stelt i stand ei rodestove i 1877. Denne var i bruk fram til det nye skulehuset på Jordal vart bygga, og barna på ny fekk ein lengre skuleveg. Barna frå disse ytre delane av skulekrinsen vart i periodar innlosjert på Jordal grunna den lange skulevegen, der dei drog heim annankvar veke eller dag, avhengig av vêrforhold og årstid.

Elevane vart skyssa med båt på Sognefjorden, mellom anna frå Lidal, Romøyri og Teigen. Dette var ein vanskeleg skuleveg, spesielt på vinterstid. Til dømes kom ikkje borna frå Lidal seg til skulen mellom 7.-11. februar 1949 fordi fjorden var islagd og båten dermed ikkje kom fram.[6]

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Mo Hans 1867 Ytre Fjærland 1889 1897 Hamar [3][5]
Lidal Endre 1892 Ytre Fjærland 1915 1917 Volda lærarskule [7][8]
Hegnes-Raudbotn Laura 1900 Ytre Fjærland 1922 1948 Nesna lærarskule [9][10]
Bøyum Eil ? Ytre Fjærland 1949(?) ? ? [6]

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Skuleprotokoll for Eithun og Ytre Fjærland 1875-1887.
  2. 2,0 2,1 Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune. Side 42.
  3. 3,0 3,1 Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  4. Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963
  5. 5,0 5,1 5,2 Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1889-1915
  6. 6,0 6,1 6,2 Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1915-1961
  7. Pederssen, K.: Lærerkalender for den norske folkeskole. Utg. Dybwad. no#. 1884. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Hovudbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1925-1929

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Intervju med Sven Bjåstad, 21.11.2022


Koordinater: 61.33505° N 6.68870° Ø