Carl Fredrik Falkenberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Carl Fredrik Falkenberg (fødd 22. mars 1889 i Klæbu, død 19. mars 1963 i Sandefjord) var son av skulestyrar Christian Otto Magnus Falkenberg (1851-1932) og Fredrikke Louise f. Flock (1864-1905). Falkenberg gifte seg i Oslo 26. april 1913 med skipsreiardottera Thora Johanne Westergaard (1891-1971).

Falkenberg vart student i 1907 og tok teologisk embetseksamen i 1912. Den 29. april 1913 vart han konstituert som sokneprest i Jostedalen etter at prestekallet hadde stått ledig eit halvt år, og han vart formelt utnemnd til sokneprest 5. juni 1914 etter å ha nådd minimumsalderen som var kravd ved fast tilsetjing. Han skal då ha vore Noregs yngste prest.

Falkenberg var i Jostedalen på den tida då språkskiftet til nynorsk på det næraste var fullført i folkeskulen. I den prestelause perioden før Falkenberg kom til bygda, hadde den nynorskbrukande presten i Årdal, Oscar Garman Nagelstad, vikarierte jamleg i Jostedalen og nytta nynorsk både til preike og barnedåp. I den same perioden hadde skulestyret vedteke å føre møteboka på nynorsk, men då han vart skulestyreformann, førte han møteboka sjølv på bokmål (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Det er likevel ikkje teikn til at han motarbeidde målsaka meir aktivt.

Han forlet Jostedalen 15. februar 1916 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i Årdal 23. desember 1915. Den 14. februar 1919 vart han residerande kapellan i Sigdal, 30. mai 1924 residerande kapellan i Onsøy og 12. september 1930 kallskapellan i Kristiansand. I 1941 vart han så utnemnd til sokneprest i Sandefjord der han heldt fram til han fekk avskil i 1954. Her vart dei òg buande livet ut. Carl Fredrik og Thora Falkenberg fekk tre born.

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 37a. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 342-43. Digital versjonNettbiblioteket
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 226.
  • Nordenfjeldske Tidende, 2.8.1918 Digital versjonNettbiblioteket

Eksterne lenkjer

Eksterne lenker


Forgjengar:
 Amund Frøese 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 John Rongved