Eidsvollsbåten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Eidsvollsbåten på Puddefjorden, truleg tidleg i 1890-åra
Foto: Olaf Svane

«Eidsvollsbåten» har sidan tidleg på 1800-talet vore namnet var ein vengbåt som vart bygd kring 1770 for futen Hans Thiis Nagel eller sonen hans, Jens Worm Nagel, på Svanøy i Sunnfjord. Båten hadde fem par årar og var opphavleg råseglriggajektevis. Båten hadde akterspegel, og mellom bakronga og bakbandet var vengen som fungerte som lugar for dei som vart skyssa.

Da enkja etter J.W. Nagel gifte seg med hoffagent Herman Dietrich JansonDamsgaard i Bergen i 1791 (eller 1798?), vart vengbåten med som medgift. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom.

Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå Bergen til Lærdalsøyri på veg til Eidsvoll i samband med riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dei som vart skyssa var artillerikaptein Peter Motzfeldt, Wilhelm Frimann Koren Christie, sokneprest Jonas Rein og grosserar Jens Rolfsen, som alle skulle representerte Bergen på riksforsamlinga, og i tillegg grosserar (seinare børsforstandar) Fredrik Meltzer, som skulle vera med i bank- og pengekomitéen. Reisa begynte den 25. mars 1814, og dei kom fram til Lærdalsøyri den 28. mars. Med seg på denne ferda hadde dei to tenarar, og mannskapet var ti rorskarar og ein styrmann. I tillegg til sjølve vengbåten hadde dei med seg to båtar med til saman ni manns mannskap til å transportere kleda dei hadde med seg. Frå Lærdalsøyri gjekk turen vidare med hest og vogn til Eidsvoll.

Denne vengbåten frå Rosendal gjev eit inntrykk av korleis Eidsvollsbåten truleg såg ut føre ombygginga.
Foto: Ukjent, truleg i 1890-åra

Etter 1814 fekk vengbåten rolla som paradebåt, og han vart noko ombygd på eit tidspunkt: Han fekk gallionsfigur og baugspryd, og det vart innsett ny master som ikkje var seglførande. Gallionsfiguren og baugsprydet gjorde båten svært framtung, noko som vart delvis kompensert ved at det vart påsett ein bakke.

Konsul H.D. Janson testamenterte Eidsvollsbåten til Bergens Museum i 1895. Båten vart framvist ein del gonger av museet — blant anna under Bergensutstillinga i 1898. Når båten ikkje vart framvist, var han opphengt i eit skur på Marineholmen. I mai 1940 brann skuret ned, og båten gjekk tapt. Bernhard Færøyvik målte opp Eidsvollsbåten, og den reinteikna oppmålingsteikninga hans er datert Bergen 1941.

Kjelder