Ernst Torp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Ernst Torp (født 26. desember 1900 i Oslo, død 11. januar 1988 i Oslo) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1926-ca 1975. Han var son av reguleringssjef i Kristiania, Hjalmar Torp (1856-1922) og Marie Torp (f. 1860).

Han var utdanna ved Kunstakademiet i København i 1923, og var tilsett i Oslo reguleringsvesen frå 1926 til 1930 då han oppretta eigen praksis saman med broren Leif Torp. Frå 1970 var også sonen Niels med i firma. Ein eldre bror, Alf Torp (1894-1969), var i ei rekke år vegsjef i Sogn og Fjordane og i Vestfold.

I Elverum tegna firma Torp&Torp i 1956–58 "Elvarheim", rådhus med bibliotek, kino, kunstgalleri og restaurant.

Blant firmaets andre arbeid kan særleg nemnast Torstedhjørnet, Stortingsgata 30, 1928–30, Høyres Hus på Kalbakken, Dronningens gate 10 og 11 og Hieronymus Heyerdahls gate 1, alle i Oslo. I Moss tegna dei Parkteateret i 1939. Dei delte i 1952 1. prisen i 1.etappe i tevling om nytt rådhus i Bergen med Erling Viksjø, som seinare tegna rådhuset.

Kjelder og lenkjer



Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.