Gabriel Lund (1773-1832)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gabriel Lund. Kunstnar ukjend.
Gabriel Jochumsen Lund[1] (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var forretningsmann, konsul og postmeister, eidsvollsmann og stortingsmann, og hadde også teologiske studiar bak seg i ungdomen. Han tilhøyrde eit dominerande forretningsdynasti i fødebyen, og Gabriel Lund sjølv var den fyrste som budde i den kjende patrisiarbustaden Husan.

Familie og bakgrunn

Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. Jochum Brinch Lund (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel hadde fem eller fleire sysken. Han var svoger til eidsvollsmannen Just Henrik Ely, som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge. Ekteparet flytta truleg inn i søre fløya i det nybygde paleet Husan da dei gifta seg. Jochum Brinch Lund hadde bygd dette med tanke på sine to søner Gabriel og Ebbe. Sistnemnde flytta inn i den andre halvparten av bustaden litt seinare.

Utdanning og danningsreiser

Gabriel Lund i studietida, visstnok frå opphaldet i Frankrike 1795. Kunstnar ukjend.
Gabriel tok studenteksamen 1792 etter å ha gått latinskulen på Kongsberg. Schnitler (1914) og Koht (1938) opplyser at Lund tok teologisk embetseksamen i København i 1795. I den nyare byhistoria er det derimot framhalde at han aldri avslutta studiane i København. I København vart han iallfall studiekamerat og ven med Jacob Aall, som tilhøyrde det same sosiale sjiktet og den same landsdelen som Lund, og som jo vart ein frontfigur på Eidsvoll 1814. Etter studietida i København hadde Lund fleire opphald i utlandet, i revolusjonens Frankrike, i Skottland, England og Italia. På folketeljingstidspunktet 1801 budde Gabriel saman med foreldra og broren Ebbe i Farsund. Gabriel er der framleis titulert «studiosus», medan broren har rokke å ta handelsborgarskap.

Næringsverksemd

Gabriel Lund var skipsreiar og dreiv stort i fiskehandel (f.o.fr. sild ogg hummer) og anna forretningsverksemd. Han var fransk og dansk visekonsul 1820-1830. Schnitler omtalar han som den eigentlege leiaren i kompaniskapet med broren Ebbe, og som «en dristig spekulant» med stor energi og ei omfattande verksemd. I 1830 måtte han gje opp forrretningsdrifta - «en av de sidste av de store fallitter», i krisetida for dei store handelshusa i tida etter 1814 (også etter Schnitler 1914). Med direkte medverknad av Karl Johan, vart Lund utnemnd til postmeister i Trondheim, der han altså budde den siste tida før han døydde to år etter.

Eidsvollsmann og stortingspolitikar

Lunds bosted, paleet Husan, i dag Farsunds rådhus.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Lund var 1. delegerte frå Lister amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Sosialt tilhøyrde han storborgarskapet eller patrisiatet, dvs. dei storkjøpmennene, bruks- og godseigarane som dreiv si verksemd i ly av det gamle samfunns privilegielovgjeving. Representantane frå Lister amt utgjorde tilsaman ein fin illustrasjon av dei sosiale hovudgruppene som Riksforsamlinga gjerne blir inndelt i. Theis Lundegaardd var storbonde og forretningsdrivande med økonomiske interesser stikk i strid med privilegiesamfunnets næringslovgjeving og altså med Lund-familiens private interesser. Jens Erichstrup var fut på Lista og representerte såleis den sivile embetsstanden som kunne heve seg over dei økonomiske interessemotsetnadene mellom storborgarskap, småborgarskap og bønder. Tek vi med den representanten for Vesterlenske infanteriregiment, som også hadde budd i Farsund og var Lunds svoger Just Henrik Ely, får vi jamvel den høgare militære stand med i biletet. Det same biletet blir nær komplett om vi tøyer geografien litt og tek med Even Thorsen frå Dypvåg (nå Arendal kommune), husmannsgut og småbrukar, sjømann og matros.

Denne sosialgruppa som Gabriel Lund tilhøyrde, utgjorde kjernen i Unionspartiet i Riksforsamlinga. Lund skilde moglegvis lag med standsfellene politisk. Iallfall meiner Koht meiner at han «efterhånden» slutta seg til Sjølvstendepartiet. Han var medlem i finanskomiteen. Han markerte seg elles ikkje i debattane bortsett frå i vernepliktdebatten, der han liksom venen Jacob Aall gjekk mot allmenn verneplikt. Det høver godt med standsinteressene til det gamle samfunns privilegerte borgarskap, som jo både Aall og Lund sjølve tilhøyrde, og som elles utgjorde kjernen i Unionspartiet. Men vi kjenner ikkje til korleis Lund røysta i spørsmåla om næringsfridom, adelsprivileg osv, altså dei spørsmåla som sette det gamle standssamfunnet under debatt.

Lund vart vald som stortingsmann for Lister og Mandal amt i 1827, det ekstraordinære stortinget 1828 og på nytt i 1830. I følgje Koht markerte han seg som regjeringsvennleg i tautrekkingane mellom den utøvande og den lovgjevande og løyvande statsmakta. Han gjekk inn for at staten skulle støtte landets næringsliv, som hadde vanskelege år.

Kjelder og litteratur

  • Abrahamsen, Olav Arild: Farsund bys historie bd. I. En by blir til. Fra stedets oppkomst til 1850. Farsund kommune 1997.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Lund i Norsk biografisk leksikon 1938.
  • Schnitler, Carl W.: «Forretningsmændene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Gabriel Lund i folketelling 1801 for Vanse prestegjeld fra Digitalarkivet

Eksterne lenker

  1. Jochum Lund i Norsk biografisk leksikon