Heggland valfartkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Heggland kyrkje)
Hopp til: navigasjon, søk
Tegning av Lensmann Lars Abraham Qvisling, 1845
Heggland kyrkjegard (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Heggland valfartkyrkje ligg i Fyresdal i Vest-Telemark.

Den fyrste kyrkja

Den eldste kyrkja meiner ein vart bygd ein gong mellom 1395 og 1526. Det var ei stavkyrkje som vart rive i 1670/-71. Alt tyder på at denne og den seinare kyrkja har stade på same plassen. Lenger nord var lenge noko ein kalla «Heglands tufter», nokre murar og ein brønn. Dette kan vere tuftene etter storgarden som har gjeve kyrkja, grenda og soknet namn.

Den andre, og siste, kyrkja

Ho vart bygd i 1671. I 1785 skreiv Johann Michael Lund: «- er en liden vakker Bygning. Den har Taarn og Spiir, og udvendig er (den) rød malet.» Han fortel og kor fint den ligg ved sidan av elva. Vi har ei teikning frå 1845 av lensmann Lars Abraham Qvisling som var nabo, teikninga syner små spir, men ikkje tårn. (Skilling-Magazin No. 19 Løverdagen den 10de Mai 1845) Mogleg har det vore ein takryttar som rotna og vart fjerna.

Kyrkja vart rive i 1845 og det vart ikkje bygd ny. Heggland sokn vart dela mellom Moland og Veum. Mykje av inventar og bygningsdelar vart kjøpt på auksjon av gardeigarar rundt om. Mellom anna kom døypefonten og ei tavle til Lunden, dei er no på Telemark Museum i Skien. Altertavla kom til garden Brokke der den lenge stod på stabburet. Den vart gjeve til Moland kyrkje då denne vart pussa opp innvendig i 1962. Altertavla og døypefonten er laga i 1738 av Halvor Grool. Ei lysekrone av messing er delvis intakt og skal ha vore i Hazelius museum i Stockholm, no tilbakeførd til Norsk Folkemuseum. Ein altarkalk og ein oblateske er i Grungedal kyrkje.

På ein vegg i Moland kyrkje er ein bjelke frå Heggland gamle kyrkje med tekst:

DENNE KIERCHE ER BLEFVEN BYGT ANNO 1671. H.T.O.S.B.B.T.S.B.M.

Valfartkyrkje

Kyrkja var ei såkalla lovkyrkje, dei som ikkje kunne kome til kyrkja kunne gjeve gåver når dei var i naud. Ein meiner og at ho opphavleg vart bygd av same grunn. Ho var lenge ei av dei mest namngjetne kyrkjene i Telemark. Heggland kyrkje var og ei valfartkyrkje. Folk samlast St. Hans-natt til andakt, bålbrenning, dans kring ein «bedehaug», (denne vart seinare nytta til veggrus), lauging i elva og messe dagen etter. Morgonmat på Brokke gard. Etter reformasjonen vart valfarten til kyrkjene ved dei store ferdselsårene stoppa, men den heldt seg lenge ved kyrkja her og vart stansa fyrst i 1786. Då kyrkja vart rive fann ein på loftet ei mengd krykker som var kome frå folk som var blitt friske.
Altertavla frå Hegggland kyrkje (Foto: Kyrkjeverja, 2010)

Kjelder og litteratur

  • Lund, Johann Michael (Prokurator): Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn.1785
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals Historie. 1912. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001, s. 99, 100 og 214.
  • Taraldlien, Bendik: «Heggland gamle kyrkje» i Fyresdal andre utgåva 1949: s. 31. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Taraldlien, Bendik: «Gamle segnir og forteljingar» i Fyresdal 1910: s. 49.
  • Wille, H.J.: Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • «Heglands tufter» i Sjå deg attyvi Fyresdal Sogelag 2010: s. 11.
  • «Dei undergjerande kyrkjene i Hegglandsgrend» i Sjå deg attyvi Fyresdal Sogelag 1994: s. 31.

Ekstern lenke