Brokke (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brokke
Brokke gamle.jpg
Brokke. Gamalt tun
Foto: Olav S. Nylid (1914).
Kommune: Fyresdal
Fylke: Telemark
Gnr.: 41

Brokke er Gnr. 41 i Fyresdal kommune, og ein gamal gard i Hegglandsgrend med skriftlege kjelder i alle fall frå 1500-talet. Mogleg er dette ein del av den gamle storgarden Heggland, som kan ha vore den opphavlege i grenda. På garden Brokke sin grunn låg Heggland valfartkyrkje, kyrkjegarden er intakt.

Garden og altertavla 1845-1962.

Om valfartkyrkja er det sagt at den vart bygd av ein greive som budde på Brokke, eller på garden Greivstad, som er nabogard. Dette kan ha sitt opphav i namnet Greivstad, men dette kjem av mannsnamnet Greipr. Den fyrste kyrkja kan vere bygd av bonden på Heggland, eit lite stykke nord for kyrkjegarden er «Heggland tufter» som kan vere etter denne garden.

Då Heggland kyrkje vart rive i 1845 og eignelutane spreidd, tok dei på garden Brokke vare på altertavla. Denne vart satt oppe i loftet, andre høgda på stabburet. Den gong låg husa oppe i bakken ovanfor noverande tun. Eit bilete er teke i 1914, ei gravferd like før gardstunet vart flytta ned i bakken ved riksvegen. Stabburet ser vi til høgre. Eit bilete av altertavla som er teke av Bendik Taraldlien veit ein ikkje om er frå før eller etter at stabburet vart flytta.

Stabburet på Brokke (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Altertavle Heggland (Foto: Bendik Taraldlien, usikkert når)

Så vart det bygd nye hus og den gamle tømra i stova vart nytta opp att i ny stovebygning. Stabburet, som er eit freda mellomalderloft, fekk og ny plass i nytt tun. Altertavla vart med og beheldt sin gamle plass. Der stod den då til det vart eit ynskje om å få den til Moland kyrkje i 1862 og den vart då gjeve som gåve av eigarane av garden.

Den praktfulle altertavla vi no har i Moland kyrkje er altså teke imponerande godt tatt vare på av eigarane av garden Brokke i perioden 1845-1962, det står det respekt av.

Kjelder

  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.
  • Qvisling, J. L. : Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.