Hopen kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hopen kyrkje
3199 Hopen kirkje.jpg
Hopen kyrkje sett frå sør-søraust. Olve Utne
Sted: Hopen på Smøla
Byggeår: 1892
Sitteplasser: 260

Hopen kyrkjeHopenSmøla er soknekyrkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kyrkja, som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.

Forhistorie

Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen var forfalt, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet.

1749: «Den Herre Zebaoths Kirke»

Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekyrkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748. Altarskåpet frå Veiholmen vart flytta med over til nykapellet. Kyrkja vart vigsla først året etter, den 5. august 1749 — ein månads tid etter at Edøy prestegjeld vart skilt ut frå Aure prestegjeld ved reskript av 30. juni same år. Vigslinga stod biskop dr. Frederik Nannestad for, og han kalla kapellet “den Herre Zebaoths Kirke”. Ein messehakel frå innviingsåret eksisterer framleis og finst no i nykyrkja. Hans Grøn Bull skreiv at kyrkja hadde godt lys og at preikestolen var plassert over altaret og hadde oppgang frå sakristiet.

Den gamle altartavla som opprinneleg stod i Veigen kapell vart flytta til Universitetets Oldsakssamling i Oslo og har stått der sidan 1870. Den nye altartavla vart utført av Christen Brun og er ein kopi av måleriet «Kristus og dei bedande» av Carl Bloch.

Den noverande Hopen kyrkje sett frå vest-nordvest.
Foto: Olve Utne

1892: Den noverande kirkja

Den noverande Hopen kyrkje vart bygd i 1892 som langkyrkje i tre og har 260 sitteplassar. Ho har vore reparert og oppussa fleire gonger, og i tillegg noko påbygd i 1966. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.

Kjelder

Koordinater: 63.46591° N 8.01313° Ø