Israel Gottlieb Wernicke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus.

Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son til den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkyrkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter dette reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidlig det viktigaste for honom. Han dreiv sjølvstudium i musikk og utdana seg til ein svært god klavérspelar. Han kom til å spela ved Hoffet i København, og han vakte oppsikt ved å spela “de sværeste Sager af Sebastian Bach.

1780–81: Studenten i Berlin

I 1780 fikk I.G. Wernicke stønad frå regjeringa til ei utanlandsreise. Teateret bidrog òg, noko som tyder på at tanken om ei rolle for honom der var til stades. I Berlin gav han seg til med yndlingsstudiet sitt, kontrapunktisk musikk, som han vart enda meir entusiastisk for under den tidligare Bach-eleven Johann Kirnberger (17211783) si rettleiing. Men i 1781 fikk den da 26-årige studenten bod frå København med spørsmål om han ville påta seg å ta over som kapellmeister når Paolo Scalabrini slutta, eit tilbod han vanskelig kunne seie nei til.

1781–86: Kapellmeisteren i København

I.G. Wernicke tok i mot stillinga som kapellmeister, og med det fikk København ein innfødd og billig kapellmeister; men det viste seg snart at jobben ikkje var den rette for honom. Han hadde nemlig slettes ikkje sansen for den moderne musikken! Av hoffkomposisjonar skreiv han store kantatar eller oratorium, slik som Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus, og han arrangerte òg italiensk musikk til kantatar. Han bidrog til Schiørring si samling av selskapssongar òg, og han var kanskje meir i takt med tida som person enn som komponist — men det heitte seg at han var capricieux.

Da hoffet etter regjeringsskiftet i 1784 var misnøgd med kapellet, vedtok dei at det skulle omleggast. Som del av denne omlegginga, som fann stad i sesongen 1785–86, vart I.G. Wernicke oppsagt. Han fungerte i stillinga det meste av sesongen og gikk så av med den tidligare gasjen sin som pensjon, 31 år gammal. Han tapte ikkje nemneverdig respekt med det: Ein person skreiv seinare offentlig at han burde tilsettast som professor i musikk ved Universitetet, og ein annan (Schiønning) noterte i dagboka si at han vart rekna for å vera mathematicus og kanskje den mest lærde komponisten i Europa.

Læremeisteren i Kolding

Men verda fikk ikkje mykje nytte av dessa eigenskapane: Ikkje lenge etter avskjeden vendte han og kona hans, Charlotte Louise Marburg, København ryggen og busette seg i Kolding, der dei fleste av dei mange borna deira vart fødd, og der han visstnok skal ha arbeidd aktivt med utdaninga deira, særlig i sambandelse med musikken. Av borna deira kan særlig nemnast Cathrine Riddervold Wernicke (17881862), som var ein betydelig pianist og den første danske kvinna som heldt offentlige pianokonsertar.

Ein av de andre elevane av Wernicke under tida i Kolding var sorenskrivarsonen Ole Andreas Lindeman (17691857) frå Øye i SurnadalNordmør. O.A. Lindeman hade eigentlig komme til København for å studere juss i 1788, men han avbraut fort studia og oppsøkte Wernicke i Kolding for musikktimar i staden. Wernicke underviste Lindeman fram til sistnemnte flytta til Trondheim för å tiltre stillinga som organist i Vår Frue kyrkje i 1799. Gjenom denne undervisninga blir den norske Lindeman-familien rekna som ei grein av Bach-tradisjonen i tangentspelet.

Gardbrukaren i Jordrup

Etter å ha budd i Kolding ein 30 års tid, kjøpte I.G. Wernicke ein anneksgard på nokre tynner land i Jordrup i Koldingdistriktet. Denne garden overdrog han til ein svigerson i 1832, med kår for seg og kona og for ei ugift dotter. Israel Gottlieb Wernicke dødde i Jordrup den 3. mars 1836. Kona hans, Charlotte Louise Marburg, overlevde honom.

Kjelder

Denne teksten er basert heilt eller delvis på artikkelen «Wernicke, Israel Gottlieb» av C. Thrane fra Dansk Biografisk Lexikon.

PD-icon.svg
Originalen til dokumentet har verkshøyde etter åndsverkloven, men eneretten til å råde over det er foreldet, enten fordi det er minst 70 år siden opphavsmannen døde, eller fordi opphavsmannen ikke er kjent, og det er minst 70 år siden bildet ble publisert, jf. åndsverklovens §§ 40 og 41. Det betyr at du kan gjenbruke og modifisere dokumentet så lenge du krediterer opphavspersonen etter god skikk og behandler verket respektfullt.