Jens Tvedt (kunstmaler)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Tvedt (1901-1988)

Jens Tvedt (født 3. oktober 1901, død 11. julil 1988) var likningssekretær og seinare likningssjef i Tysnes kommune i ein mannsalder. Frå han var ung viste han seg som ein dugande kunstmålar, og har også skrive ei rekkje dikt og viser. Gjennom fleire tiår vart han ein av dei mest folkekjære kunstnarane i Sunnhordland.

Likningssjef og kunstnar

Jens Tvedt vart fødd i bygda Lunde i Tysnes kommune i Sunnhordland. I 1915 gjekk han ut or folkeskulen, same året som han vart konfirmert. Dermed bar det til Bergen i von om å finna arbeid og tena pengar. Og arbeid, det fekk han – både som trikkekonduktør og ved United Sardine Factory, der han var eit par års tid. Så gjekk det ikkje betre til enn at han vart utsett for eit trafikkuhell og skadde seg stygt. Det gjekk betennelse i såret, og den eine armen måtte opererast. Etter dette vart han noko ufør i armen.

Etter eit heilt år på sjukehus reiste han heim til Lunde. Her fekk han fast arbeid, først som såkalla ”handelsbetjent” i Lunde Handelsforeining frå 1919, og deretter som handelslagsstyrar same staden frå 1928 – 1945. Alt frå ungdomsåra viste han eit stort talent som kunstnar, og livnærte seg som kunstmålar på heiltid nokre år etter krigen. I 1948 tok han til som likningssekretær i heimkommunen. Sidan vart han likningssjef, ei stilling han hadde fram til 1971.

Med pensel og blyant

Altartavle i Flatråker bedehus, 1960-talet.

I heile denne tida dreiv han som målar på fritida, og som kåsør- og prologforfattar (mest på Tysnes), men allereie frå 1920-åra finst det mange dikt etter han. Han teikna mykje også – heilt frå tidleg barndom. I ungdomstida byrja han med akvarell og oljemåling. Seinare vart det mest oljemåleri, frå 1930-talet til han gav seg kring 1980.

Då Jens Tvedt døydde i 1988 hadde han bestillingar på mellom femti og hundre bilete. Det vert sagt at det knapt finst ein heim på Tysnes utan eit måleri av han på veggen. Bileta hans er såleis å finna i svært mange heimar i Sunnhordland og er spreidde over heile Noreg, men han selde også mange målarstykke til folk i USA og Canada forutan Sør-Afrika, Australia og eit par i Søraust-Asia - mest til utvandra nordmenn.

I 2002 vart det, litt forseinka, gjeve ut eit hefte til 100 års-markeringa for fødselen hans. Her er fleire av dikta og visene samla. I 2009 vart det laga ein kabaret kalla "Linjer i livsens bok" der fleire av songane og tekstane hans vart framført, med melodiar laga av sonen Kolbjørn Tvedt.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst B.: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes Sogelag, 1989.
  • Tvedt, Kolbjørn m.fl.: Jens Tvedt (1901-1988) - Med pensel og blyant. Utg. 2002.
  • Opplysninger fra Kolbjørn Tvedt, 2013.
  • Jens Tvedt i Historisk befolkningsregister.