Rinde stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse Rinde stavkyrkje etter G.A.Bull
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:Riksarkivet

Rinde stavkyrkje låg i Feios, i noverande Vik kommune. Stavkyrkja er omtalt i kjeldemateriale frå 1122/23, mellom anna i Regesta Norvegica IV og Norske Gaardnavne XII. Denne kyrkja er truleg den andre kyrkja på Rinde kyrkjestad som låg på gardsnummer 160.

Fleire fragment frå kyrkja er kartlagt. Krusifikset med angelsaksisk og nordisk- northumbrisk stilopphav er bevart ved Historisk Museum i Bergen, under namnet Leikangerkrusifikset.

Historikk

Bergens Kalvskinn (Bjőrgynjar Kálfskinn) omtalar «ḱḭṟkian a. Ṟíndín j Fædía dal» på side 49 om kyrkja sitt tiende. (Ole-Jørgen Johannessen, 2016) Denne kyrkja tlhøyrer det som Dietrichson kallar einskipa kyrkjer utan midtstolpe. Kyrkja var bygd på Rinde kyrkjestad. Denne kyrkja vart riven både fordi ho var forfallen, men like gjerne fordi Kyrkjedepartementet ville innføra ein ny kyrkjearkitektur med utgangspunkt i Eisenach-regulativet (Bjerkek, 2005).

Fortidsminneforeininga ved antikvar Nicolaysen hadde god oversikt over dei forfalne stavkyrkjene i Sogn etter ei rundreise i 1848 og 1861(?)(Nicolaysen, 1862-1864). Foreininga engasjerte Georg Andreas Bull (1829-1917) til å dokumentere kyrkjene i Sogn sommaren 1854, han var da på ei reise og gjesta kyrkjene, stavkyrkjer og steinkyrkjer, på Hove, Hopperstad, Vangsnes, Rinde, Leikanger, Stedje, Hafslo, Dale, Fortun, Urnes, Årdal, Kaupanger og Borgund. Denne ekspedisjonen fann stad i september og resulterte i viktig oppmåling og skisser av desse kyrkjene. (Nordrumshaugen, 2016)

Krusifiks frå Rinde stavkyrkje, kopi i Leikanger kyrkje
Foto: Jan Magne Rinde/kilde: eige foto

Mange år med manglande vedlikehald av Rinde stavkyrkje førte til at forfallet av bygget hadde gjort seg gjeldande. Den 7.september 1858 fann det stad synfaring av kyrkja. I denne synfaringa var prosten i Ytre Sogn Thom. Eriksen, presten i Leikanger Johan D. Haslund og ordførar Sjur Sæterlie truleg med som representantar for styresmakta. Medan Tøger Nielsen Haave og Knud A. Hamre møtte på vegne av kyrkjemedhjelparane. For eigarane av kyrkja møtte Lasse Nielsen Steengiærde.

Den 1. mars 1859 viser originaldokument frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane at denne synfaringa var nedskriven og referert av «provst i Yttre Sogn» Thom. Eriksen. Denne «besiktigelsesprotokollen» påviser fleire alvorlege manglar ved stavkyrkja. Både tårnet og kyrkja er «meget brøstfældigt», og golvet «paa søndre Side, Tid efter Anden, nedsunken og svært heldende. Bindingsværket i det Hele saare svagt». Vidare vert soknepresten referert på at det ved stormande ver fort kan skje at taket kan styrte saman. Det som likevel fekk positiv omtale var mellom anna kyrkjeklokka.«Kirke-Klokken er klangfuld og Ornamenterne, med unntak av Messehagelen, i Orden».

Denne protokollen vert avslutta med fylgjande omtale:

«Brøstfældighederne ved Kirken er imidlertid for mange og for svære til at de nuværende Kirke-Eiere kunne skjønnes at istandsette den: hvorfor de raaede til, snarest mueligt at faae den solgt, - efter Overenskomst – til Almuen. Først da kan der være Udsigt til at en nye Kirke kan blive oppført i den ……Kirkes Sted. Da Kirkens miserable Forfatning gjør det ønskelig, at denne Overenskomst mellem Kirke-Eierne og Almuen snarest mulig kunde skee, lovede Formandskabets Ordfører, som netop i dag var her tilstede, at der snarest mulig vilde blive indledet en Underhandlning med Kirke-Eierne desangaaende af Formandskabet paa Almuens Vegne. Kirkegaardens Hegn er i Orden, men Portene trengede til Reparation».

Alterskåp frå Rinde stavkyrkje i Rumohr sine samlingar i Frønningen
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto


Etter synfaringa og tilstandsrapporten var det ein del brevveksling mellom ulike instansar, som stiftsdireksjon, prostiet og presten Haslund, om den vidare prosessen. Mellom anna dreia kommunikasjonen seg om kven som eigde kyrkja og korleis "Menigheden" kunne overta ansvaret for kyrkja i soknet. Her går det fram at han meiner at kyrkja er så til nedfalls at den «egnede sig til Nedrivelse», slik at dei kunne byggja eit «nyt Gudshuus» på staden til den rivne kyrkja. Soknepresten påpeikar vidare at det vil vera mest fornuftig å overdra kyrkja til «Menigheden». Deira interesser ville så verta ivaretatt av «Formandskabet», og presten sin rolle ville vera å sjå til at «Overenskomst» mellom kyrkjeeigarar og « Menighedens Eie» vart overhalden.

I det same brevet tek Haslund opp den økonomiske situasjonen. Han viser til at det ikkje vil vera mogleg at Rinde Sokn kan stå for utgiftene til nybygg, og difor ber han om at det vert søkt om lån:

«Da det ikke er mueligt, at Rinde Sogn kan bestride disse ved egne Ressourcer, bedes et Laan underdanigst optaget af Opplysningsvæsendets Understøttelsesfond. Ansøgningen, ledsaget af Hr. Sognepræstens Anbefaling, indsendes hertil med Tegning eller Udkast til den nye opførende Kirke, og her først griber Stifts-Directionen ind i Sagen, idet den nu forkaster eller Anbefaler Tegningen og Udkastet alt efter som til de i nævnte Lovs § 2 foreskrivne Dimensioner eller ei og altsaa enten anbefaler Ansøgningen eller og erklærer at den paa Grund af Omstendighederne ikke seer sig i stand der til.» Vidare i brevet skrive på Leikanger Prestegard, påpeikar presten at saka må få ei snarleg løysing, og at det er viktig med ein «mindelig Overenskomst» mellom kyrkjeeigarane og kyrkjelyden i Feios. I mangel av ein eventuell overeinskomst «forlanges en Taxtforretning optagen over Kirken.» (Rinde, 2016)

Lysestake blekk-barokk frå Rinde stavkyrkje/Jan Magne Rinde/kilde:eige foto


Prosessen kan me fylgja vidare i denne brevvekslinga, men fyrst kan det vera interessant å få eit oversyn over stavkyrkja, i den grad det finst dokumentasjon som syner korleis dette byggverket arkitektonisk såg ut. Skissa av G. A. Bull viser oppteikninga av stavkyrkja i Feios. Grunnflata var på 684 kvadratfot. Koret hadde eit areal på 15x18 fot. Skipet var på 23x18 fot, i tillegg kom tårnfoten på 18x18 fot. Det skulle tilseie eit bruttoareal på 56x18 fot. Det spesielle med denne og Årdal stavkyrkje var at kor og skip var i same breidde. (Dietrichson, 1892)

Da takstforretninga hadde funne stad, var det semje mellom partane om at kyrkjeeigarane skulle dekka kostnaden for takstforretninga med 12 spesiedalar og 101 1/2 shilling. Dette fordi dei ikkje hadde oppfylt ansvaret med å vedlikehalde kyrkja. Med denne taksten vart så kyrkja overdratt til "Menigheden".

« I Henhold til ovenstaaende Skrivelse fra Hr. Ordfører Sæterlie skulle vi herved som Eiere af Rindes Kirke, ikke undlade at afgive følgende Erklæring: Da vi ikke seer os i stand til at foretage nogen Hovedreparation paa Rindes Kirke overlades denne til Menigheden uden underliggende Jordegods enten efter mindelig Foreening med Almuen, eller efter uvillige Mænds Taxt eller Skjøn, efter Kirkeloven § 5. Med Hensyn til Ordførerens Opfordring til at en bygningskyndig Mand ansees nødvændig for at besiktige Kirken, skal vi gjøre Alt hva vi kan for at faa fat i en saadan Mand for at tage Kirken i Øiesyn.» Dette brevet er underteikna på Tjønn den 21. september 1858 av desse personane: Elling Andersen Tjøn, L. N. Stengjerde og Endre Johannesen Helleland m.f.p.

Med denne tilstandsrapporten og overdraginga til "Menigheden" var lagnaden for Rinde stavkyrkje avgjort. Kyrkja vart riven i januar 1866. Ein liten del av materialane vart gjenbrukt, og av interiøret vart mellom anna krusifikset sendt til Bergen Museum. Tårnhanen vart teken i bruk på den nye Feios kyrkje.

Planke frå Rinde stavkyrkje i urnesstilen
Foto: Sogn Folkemuseum/kilde: Sogn Folkemuseum


Dekor i Rinde stavkyrkje

Det meste av dekoren hadde vorte borte gjennom fleire sekvensar frå 1100-talet til 1866. Men likevel er det fragment frå dekoren i Rinde stavkyrkje som set kyrkja inn i den kulturelle konteksten som soknekyrkje frå 1100-talet med dekor frå ulike stilhistoriske epokar. Det er data som tyder på at kyrkja hadde dekor i urnesstilen. Knud Krogh viser til ein planke ved Sogn Folkemuseum som underbyggjer dette. (Krogh,2011).

Leikangekrusifikset er ein del av kyrkjekunstutstillinga ved Historisk Museum i Bergen. Det krusifikset har sitt opphav i Rinde stavkyrkje. Det vart oppdaga på kyrkjeloftet av N. Nicolaysen i 1861, og sendt til, og mottatt ved Bergen Museum i februar 1865. Eit alterskåp står ved Knut Rumohr sine samlingar i Frønningen, foto gjengitt i artikkelen. Ein lysestake i såkalla blekk-barokk stammar truleg frå Rinde stavkyrkje, og er i privat eige i bygda. Fleire fragment av måla dekor, truleg frå renessansen, er tatt vare på i Feios. Men denne kyrkjekunsten er diverre ikkje tilgjengeleg for publikum.

Galleri

Kjelder

  • Bjerkek, Ole Petter. (2005) Den preussiske regjerings typetegninger og Eisenach-regulativets påvirkning i Norge omkring 1850-1862. Vestre Aker Kirke.
  • Dietrichson, L. (1892) De Norske Stavkirker. Deres system, oprindelse og historiske udvikling. ALB.Cammermeyers Forlag. Kristiania og København.
  • Johannessen, Ole-Jørgen. (2016) Bergens Kalvskinn Kildeutgivelse fra Riksarkivet.
  • Krogh, Knud.J. ( 2011) Urnesstilens kirke. Oslo: Pax Forlag A/S
  • Nicolaysen. N. (1862-1864) Norske Fornlevninger. En opplysende fortegnelse over Norges Fortidslevninger, ældre end reformasjonen og henførte til hver sit sted. Carl C. Werner & Comp´s bogtrykkeri. Kristiania
  • Nordrumshaugen, Stig Andreas. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Stavkyrkja på Rinde. Feios sokn
  • Rinde, J.M.B. Red. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn.
  • Rygh, O. (1919) Gaardnavne i Nordre Bergenhus Amt. Bind XII. W.C. Fabritius & Sønner AS, Kristiania