Skottehandelen i Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hjulgogna i den gamle stampa på Hovdanes i Tysnes. I fleire hundre år vart det importert vadmål frå Shetland. Vadmålet vart kalla hjeltavadmål.

Skottehandelen er eit omgrep som gjerne vert brukt om handelen mellom Skottland og øyriket i vest - ikkje minst Shetland - og Sunnhordland. Dei skotske skipa kom til Sunnhordland etter tømmer og anna trelast, og produkt laga av trevyrke. På norsk side vart det importert ei lang rekkje varer, frå korn og tøyvarer til tobakk og brennevin. Handelen pågjekk i fleire hundre år, frå ca. 1450-1750, men heldt også fram etter dette til utpå 1800-talet. Handelen var mest intens i perioden 1550-1650.

Skip frå Skottland

Sjølve kjernen i handelen på skotsk side var eksport av korn, brød, tøyer, fisk, brennevin og tobakk, i bytte mot særleg tømmer og andre produkt av tre, som seksæringer. Handelen var dominert av nokre få aktørar, som Mowat-familien på Tysnes som tente svært gode pengar på vareutvekslinga. Men ein skal ikkje gløyma at mange av fartøya som kryssa Nordsjøen var mindre båtar som transporterte gods for kjøpmenn av ein meir beskjeden storleik, og at somme var privatpersonar som reiste ut på eige initiativ i håp om tena nokre ekstra pengar. Atter andre var folk som berre gjorde ein einaste tur av reint praktiske grunnar, som t.d. å henta tømmer til husbygging eller ein ny båt o.l.

På norsk side var det bønder som hogde tømmer, dreiv sagbruka og frakta tømmeret til lasteplassane. Handelen ser ut til å ha vore ei like viktig inntektskjelde både på skotsk og vestlandsk side. Kjøpmennene frå Shetland reiste ofte med skipa sine sjølv, for på den måten å kutta ut eit mellomledd. Det same gjorde Anders Mowat frå Onarheim på Tysnes.

Reisetida over Nordsjøen kunne variera noko, men i eit brev frå Kristofer Orning i 1652, då han var vel heimkomen frå ei Skottlandsferd, heiter det: «Vi var 7 dage derhen og 3 dage hid igjen.»

Handelen med Shetland

Som faren Anders tok også Axel Mowat (ca. 1592-1661) aktivt del i skottehandelen.

Shetland stod på mange vis i ei særstilling i denne handelen. Den norrøne dialekten norn var framleis i bruk på Shetland - eller Hjaltland, som det heitte - og shetlendingar og nordmenn hadde ingen problem med å forstå kvarandre. Fram til 1580 vart shetlendingar rekna som nordmenn og vart difor ikkje fortolla. Manglande tollrekneskaper gjer det såleis vanskeleg å få eit innsyn i omfanget av handelen. Frå 1597 til 1642 er det registrert eit dusin skip fra Shetland og Orknøyane i Sunnhordland kvart år. Det utgjer årleg omlag ein tredjedel av registrerte skip frå Skottland, og meir enn dei fartøya som kom frå Tyskland og Holland.

Mange av skipa kom to turar for året. Dei trong sjeldan los, og ettersom handelsmennene og sjøfolka som regel snakka norsk og kjente kysten av Sunnhordland godt vart det også eit tett personleg samkvem med innbyggjarane - stundom vart det også giftarmål.

Eit særtrekk er dei såkalla hjeltabåtane dvs. båtar som vart bygd ferdige i “halvfabrikata” på Tysnes og andre stader og frakta over til Shetland i større båtar, og sette saman. Frå 1665 finst det tal som syner at meir enn femti små båtar vart frakta over Nordsjøen frå Sunnhordland. Men i tillegg må ein også rekna med ei rekkje båtar og anna gods som ikkje vart registrert.

Storleiken på utførsla

Tollrekneskapa fortel at dei skotske skipa må ha vore etter måten relativt store. Det fanst mange faste lasteplassar kring i bygdene. Ein kan lett tenkja seg at det må ha vore mykje liv og røre når skipa kom. Dei hadde med seg så mykje anna enn berre trelast - med skottane følgde også sal av brennevin og tobakk, tøyvarer og anna til hushaldet, jamvel rokker.

Her er nokre døme frå tollrekneskapene 1621-22:

24. april kom skipper Joen Gregh af Fresselborg (Fraserburgh i Skottland, med sit skib ved Fladerager, omtrent 20 læster.


Udførte:
20 tylter bord (toll 1 dl. 1 ort.
4 tylter 12 alen Bielcher 1/2 dl.
16 tylter 9 alen Bielcher 1 dl. 1 ort 8 sk.
2 000 baandstager 10 sk.
2 fafne brendeved 8 sk.
Roertold betalt i Bergen.


Afløb 6. mai
Den 6. mai kom skipper Joen Rambse af Freselbrog i Skottland til Baarsund (på Tysnes), drægtig 15 læster. fortoldet dito.


Indførde:
10 tønder korn 13 rdl. 1 ort, 8 sk.
100 alne lerret 8 rdl. 1 ort, 8 sk.
6 par skor 1 1/2rdl.
6 ullenskjorter 2 rdl.
Udførde:
50 12 alens Bielker 1/2 rdl. ort.
150 9 alens Bielker 1 rdl. 1 ort.
2 000 baandstager 10 sk.
4 favne brændeved 16 sk.


Roertold 3 ort.
24. juni ankom skipper Joen Hendrichsen aff Orkenøe med sit skib til Unnerem (Onarheim på Tysnes), dregtig 6 lester.


Udførde:
10 tylter bord 21/2 mark.
2 tylter 12 alens Bielker 1 mark.
3 tylter 9 alens Bielker 1 mark.
1 sexering 1 ort.
2 feringer 1 ort.
Roertold betalt i Bergen.


Afløb den 6. ditto (juli)

Skottehandelen mot slutten

Eit problem for den fredelege skottehandelen var sjørøveri og kapring av fartøyer, særleg utetter 1500-talet og første halvdelen av 1600-talet. Det hadde i sin tur samanheng med krig og uro i Nord-Europa. Så kom det til krig mellom England og Holland, etter ein langvarig strid om herredømet på sjøen. Skottland ble drege inn i konflikten, ikkje minst etter at landet vart innlemma i England 1654. No tok skottane til med kapring av norske fartøy, samstundes som konkurransen med den hanseatiske handelen tilspissa seg. I Bergen hadde kjøpmennene sett seg leie på at skottane hadde vokst seg rike og mektige. I ei nidvise heitte det at «rotter, skotter, hollendere og deslige fordærver allevegne, hvor de er kan intet trives». Kjøpmennene i Bergen gjorde fleire freistnader på å stansa handelen med utlandet.

Men sjølv om hanseatene dominerte handelen i Bergen, levde bygdene i Sunnhordland sitt eige liv. Skottehandelen heldt fram, om enn i eit redusert omfang. Men i 1620 sank handelen med trelast til Skottland kraftig, etter to nye bybrannar i Bergen. Dermed trengtes tømmer frå Sunnhordland til oppbygging av byen. I 1663 kom ei auka skattlegging for sal av tømmer, noko som ramma bygdene hardt. I 1665 vart det kunngjort ved eit kongebrev at bøndene skulle «al trælast og deler til borgerne levere, som skal have førstekjøb, og skal bønderne til dem i stedet for 10 stykker eller 10 tylvter levere 11 trær og 11 tylvter».

Det var først i ufredsåra 1701-1714, under krigen mellom England og Franrike, at handelen meir eller mindre tok slutt i ein periode. Men så tok det seg opp att, med eit “rekordår” i 1719 då meir enn nitti skotske skip kom til Sunnhordland etter trelast.

Ved kongeleg plakat av 12. september 1753 vart det kunngjort at kongen hadde «allernaadigst for godt befunden Sunhords Toldsted tilligemed de derunder brugte ladesteder ved indeværende aars udgang at opphæve og ganske at afskaffe.» Etter den tid må ingen, korkje hans eigne undersåttar eller framande, skipa nokon ting inn eller ut, «– saasom bemeldte distrikts indvaanere, ligesaa vel som andre i Stiftet boende bliver efterdags forbundne hvad lovlig trælast de have at føre, og sig igjen derfra med det behøvende korn og andet forsyne». Berre hummarbåtane skal framleis ha lov til å koma til sine vanlege hamnar og kjøpa levande hummar. Men både ved inn- og utgåande skal dei melda seg ved tollbua i Bergen og betala toll, og elles vera under oppsyn av «den eller de toldbetjente som nu paa Bergens led holdes eller efterdags dertil maatte beskikkes». I mai 1754 vart dette tinglyst i Sunnhordland. Og dermed innebar det slutten på ein århundrelang livleg trafikk over Nordsjøen.

Den kulturelle arven etter skottehandelen

Frå kyrkjeboka for Tysnes 1752: Dette året vart det fødd ein gut der foreldra vart oppgjevne som Samuel Skaale, "en Hitlænder" (dvs. shetlender) og Kari Aleksandersdotter.
Det er ingen tvil om at den jamne og tette kontakten med skottane har sett til dels varige spor etter seg i Sunnnhordland. Det ser ein både i stadnamn og segner som er knytta til somme plassar. And. Næss nemner i sin artikkel om skottehandelen at “like ned mot vår tid har folket til dømes i mange Nordhordlands-bygder, på Voss og inst i Hardanger havt noko meir sermerkt ved seg. Soleis i klædebunad og målføre.”[1] Folk i Sunnhordland var gjerne meir “moderne” i klesvegen enn andre stader.

Samkvemmet med skottane ser ut til å ha vore fredeleg. Tingbøkene melder aldri om krangel eller strid mellom skottar og bygdefolk. Mange stadnamn minner enno om skotteferdsla i Sunnhordland. I mest kvar ein bygd der skottane lasta finst det eitt eller fleire slike namn (no helst uttala med noko lang og open o, som «Skòtanese»). Dei fleste gjeld hamn og strand, mest er det Skottavik, men elles Skottasund, Skottaflu, Skottanes osv. Namnet på «Skòtøyo» og «Skòtasonde» i Os har tvillaust same opphav (ikkje av gno. skot, som meint i «Norske Gaardnavne», skriv Næss).

Det finst ei rekkje segner om skottar som vart gravlagde utanom kyrkjegardane. Ved NetlandsvikaHatlestrand i Ølve skal det ha vore ei slik skottegrav. Etter sagnet hende det ei ulukke medan skipet lasta slik at ein mann vart drepen, og han vart gravlagd der. Ved Linga i Strandebarm, der det lenge var lasteplass, skal det vera to skottegraver. Av andre segn-minne om skotteferdsla er dei fleste knytte til den ballast-steinen som framleis er å sjå mange stader der dei lasta.

Referansar

  1. Skottehandelen på Sunnhordland. Sunnhordland Aarskrift 1920, s. 40


Kjelder og litteratur

  • Heggland, Johannes. Tysnes, det gamle Njardarlog. Tysnes Sogelag, 1964.
  • Heldal, Mikal: Skottehandelen. Sunnhordland Årbok, 2007.
  • Næss, And.: Skottehandelen på Sunnhordland. Sunnhordland Aarskrift, 1920.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen: Vegen over havet. Frå Mowatene på Shetland til Baroniet Rosendal. Baroniet Rosendal, 2010.