Tingvoll kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tingvoll kyrkje
Tingvoll kyrkje.jpg
Tingvoll kyrkje.
Foto: Arve Holmeide
Sted: Tingvoll
Byggeår: kring 1180
Kirkegård: Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Materiale: stein
Mål: 32 X 23 m
Tårn: 1787 - 36m høgt
Kor: 9,8 X 9,8 m
Skip: 22,2 x 12,8 m
Prekestol: 1632
Døpefont: uviss - frå mellom 1400-1600
Alter: 1660
Sitteplasser: 260


Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på TingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken ligg på eit sentralt plassert sted kalt Tenagelberget på nordsida av Tingvollvågen. Her fanst det tidlegare ei stavkyrkje bygd i tre som vart nedbrent under borgarkrigstida.

I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i denne kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er usikkert kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen. Truleg har det å gjera med at kyrkja vart innretta som ei festning i tillegg til som ei kyrkje i den ufredstida som da herska.

Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset og kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halvmånar. I korveggen, attom toppen av altertavla, er det innmura ein marmorstein med runer. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar.

I 1720-åra vart dei fleste kyrkjer her i landet solgt til private eigarar, fordi kongen mangla pengar. Tingvoll kyrkje vart solgt i 1723, og den fyrste private eigaren av ho var amtmann Erik Mutt. Ho var i privat eige til 1860, da herredet kjøpte ho tilbake i offentleg eige.

I 1928–29 vart kyrkja gjennomgåande restaurert. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla Nordmørsdomen.

Tingvoll kyrkje var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Galleri

Kjelder og litteratur



Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Koordinater: 62.91185° N 8.18152° Ø