Det første skulehuset i Eikefjord
Det første skulehuset i Eikefjord låg i Eikefjord krins i dåverande Kinn herad.
Det eldste skulehuset
I 1863 tok Kinn herad opp lån for å betale for oppføringa av skulane på Reksta, i Eikefjord og Frøyen. Skulehusa skulle assurerast i brannkassen, blei malt med oker (rødt) og murane blei kalkslått. Skulehuset i Eikefjord hadde eit klasserom med plass til mellom 24 og 28 elevar. O. R. Kvalvik skaffa inventar til skulen og fekk betalt for dette i 1865.
I følge lærar Aamot stod det første skulehuset litt ovanfor der skulen som var bygd i 1963 stod.[1]
I 1871 utførte Johan Langedal nødvendig reparasjon ved skulehuset i Eikefjord og to år seinare vart skulehuset malt med «blyhvit». I 1895 sende Ole M. Eikefjord rekning for leikeplass til barna i Eikefjord krets, men heradstyret meinte utgiftene skulle ordnast av kretsen sine oppsittarar slik som ved dei andre leikeplassane innan kommunen. Seinare fekk Ole M Eikefjord 10 kroner året for leige av leikeplassen.
Skulehuset som var bygt i 1863 vart brukt fram til eit nytt skulehus stod ferdig i 1902. Det gamle skulehuset vart rive og bygt opp igjen som skulehus i Sunnarvik.
Referansar
- ↑ Firdaposten 5. august 1963.
Kjelder
- Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- nb.no-aviser - Firdaposten