Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen (fødd 1851 i Trondheim, død 1892 i Kristiania) var forfattar. Han var son til kaptein Hans Emil Christophersen og Anna fødd Adler Hornemann.

Kristofer Kristofersen var fødd i Trondheim, men han var berre halvtanna år gamal då faren vart forflytta, først til Hemne, seinare til Molde. På skulen i Molde råka han den fire år eldre Olaus Fjørtoft. Som student i Kristiania tok han kontakt med Fjørtoft og trass i at han var vonbroten over den religiøse radikalismen hans, heldt han seg likevel nær til Fjørtofts krins, ferdast i Kaffekjælderen, seinare i Café National i Pløensbakken ved Youngstorget.

Han studerte teologi og jus, men tok ikkje embetseksamen. I 1881 prøvde han seg som føredragshaldar i Amerika, utstyrt med tilrådingar frå Ernst Sars og Bjørnstjerne Bjørnson. Ei tid arbeidde han saman med Marcus Thrane i Den nye Tid i Chicago. Etter heimkoma i 1882 redigerte han i stutte tidsrom Romsdalsposten, Søndmørsposten og Fredrikstad Dagblad og var innimellom medarbeidar i Dagbladet og Verdens Gang.

Frå 1885 til han døydde gav han årvisst ut ei bok, mest forteljingar med klår venstretendens. Størst verd har den siste, På Forpost, (1892) der han under lett maskering gjeve bilete frå studentlivet i Kristiania i 1870-åra, med Olaus Fjørtoft (Olav Toft) som hovudfigur og Kristofer Janson, Marius Hægstad, seg sjølv (Kristian) og andre som bakgrunnsfigurar. På Forpost fekk god mottaking og Kristofersen fekk offentleg stipend. Medan han var på ei reise i Tyskland, vart han sjuk og døydde stutt tid etter i Kristiania.

Kjelder og litteratur