Sandvik krins (Selje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandvik skule 2016. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sandvik krins er ein skulekrins i tidlegare Selje kommune i Nordfjord. Noverande kommune er Stad kommune.

Krinsen besto av områda Sandvik, Flister og Rundereim. I 1921 vart Rundereim skilt ut som eigen krins.

Skulehus

Den 5. januar 1915 gjorde skulestyret i Selje vedtak om at det skulle byggjast skulehus på Sandvikneset ved Barmsund. Huset sto ferdig i 1918, på ei tid då svært mange av skulehusa i dei mindre grendene vart bygde. Stilen er derfor også typisk. Huset vart bygd av tømmer. I første høgda er det eit klasserom og eit lite rom ved sida av, det såkalla lærarværelset. I andre høgda vart det laga til lærarbustad og i kjellaren ein stor sal og kjøken.

Kjellaren var i mange år nytta til samlingslokale for ungdomslaget, til basarar og juletrefestar, og elles når grendafolket skulle samlast.

Det har gjennom åra vore gjort få endringar på det gamle skulehuset i Sandvik. Den overbygde verandaen framfor inngangsdøra vart bygd til nokre år etter at huset var bygd, elles er huset stort sett slik det var som nytt.

Skulemuseum i Selje

Skulen vart nedlagd i 1960, og huset vart overteke av grendafolket, som da byrja litt oppussing av golv og tak i kjellarhøgda. I 1984 gjekk dei to- og udelte skulane i Selje saman om å lage eit skulemuseum i kommunen, og ein kom fram til at Sandvik skule var den mest høvelege bygningen. Sidan krinsen hadde brukt huset svært lite dei siste åra, vart det i 1986 overdrege vederlagsfritt til kommunen til museumsføremål. Frå heile kommunen vart det så samla inn gamle gjenstandar med tilknyting til skulen, så som tavler, griflar, plansjar, kart og anna inventar. Klasserommet vart innreidd som ei typisk skulestova frå første delen av 1900-talet, inkludert den prektige vedomnen. Det var læraren som hadde ansvaret for at skulestova var varm til borna kom. Han måtte difor tidleg opp for å fyre.

Skulemuseet vart i hovudsak brukt som ekskursjonsstad for elevane i kommunen, og det var ikkje halde ope regelmessig for vanleg publikum, men berre vore opna på førespurnad.

Sal av skulehuset

Selje kommune selde etter kvart det gamleskulehuset, og det er i dag i privat eige. Dei skulehistoriske gjenstandane vart lagra først på loftet på gamleheimen, og så flytta til eit av huse på Selje prestegard. Selje prestegard består i dag av seks hus som alle blei freda av Riksantikvaren i 1991. I eitt av desse husa er det no innreia skulemuseum. Stad kommune har lagt til rette for kommersiell drift med kafé, overnatting og anna aktivitet i Selje prestegard, og denne opna for fullt i 2024. PRestegarden husar også Regionalt pilegrimssenter.

Skuledagen

Skuleåret 1945/46 hadde Sandvik og Rundereim skular samarbeid om å ha tilbud om handarbeid til jentene. I 1952 søkte Rundereim krins til Selje skulestyre om at den konstituerande læraren J. Røseth om han kunne ha skule annakvar dag i Rundereim og Sandvik skular, dette vart godkjent og læraren fekk skyss mellom skulane.

Ei fiskehistorie frå førtitalet

Under og rett etter krigen var det ikkje alltid like enkelt for folk å skaffe seg mat på bordet. Ein dag utpå ettervinteren sat læraren bak kateteret i skulestova i Sandvik og underviste. Då kom han til å kaste eit blikk utover sjøen rett nedanfor, og fekk sjå at heile den vesle vika kokte av fisk. Både han og elevane sprang ut, og det vart vill jubel då dei såg ein stim med storsei som jaga etter mat heilt oppe i fjøresteinane. Både læraren og elevane gjorde vegen kort ned i fjøra, der seien gjekk så tett at fiskekrokane mest ikkje nådde vatnet før det beit, og så langt inne at dei modigaste fanga han med berre hendene. Den dagen hadde alle elevane med seg sjølvfanga fisk heim til middag!

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jakob Kandal 25.06.1903 Sandvik-Rundereim 1924 Volda lærarskule 1924 d.1928
Anders Kvernevik 1875 Sandvik, Rundereim og Venøy Vikar i skuleåret 1900 og 1921/22.
Jørgen Olai Kvalheim 24.03.1902 Sandvik-Rundereim 1929 1947 Volda lærarskule 1924 Var vikar på Silda før han tiltredde her. Slutta for å arbeide på Moldestad skule

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Dagbok for Rundereim skule 1937-1971

Digitale kjelder

Fjordenes Tidende 1989.03.17. 19890317. Digital versjonNettbiblioteket.

Fjordenes Tidende 1993.04.05. 19930405. Digital versjonNettbiblioteket.

Fjordenes Tidende 2017.05.26. 20170526. Digital versjonNettbiblioteket.

Ikkje-prenta kjelder

Borgny Dam-Nielsen (tidlegare publiser artikkel på Kulturhistorisk leksikon)

Jørgen Kvalheim og kona, Entze Kvalheim. (informant)

Jorunn Kvalheim Haugland.(informant)


Koordinater: 61.986640° N 5.298572° Ø