Johannes Emilsen (1917-1940)

Johannes Emilsen fødd 24. januar 1917 i VangHedmark, død 1. mai 1940Lesjaverk. Han meldte seg friviljug og deltok i felttoget med Oppland dragonregiment, som var involvert i omfattande forsvarskamp over Hedmark og oppover Gudbrandsdalen.

Johannes Emilsen, frå Våre falne bd. 1.

Han var son av gardsarbeider Emil Jensen Oeeie (f. 1895) og Petra Simensen Oeeie (f. 1887), og vaks opp på plassen Steffenstua under O.

Johannes Emilsen var med i toget som forulykka ved Knipstugu natt til 1. mai og omkom der. Gravlagt 8. mai, teken opp att og overført til øvre Vang i Hedmark.

Namnet hans står på minnesteinane ved Knipstugu og på Lesjaskog.

Kjelder