Skjervsfossen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jul. 2024 kl. 23:27 av Leharu (samtale | bidrag) (Ny side: '''Skjervsfossen''' i Granvinelva ligg ved Skjervsvegen mellom Vossevangen og bygda Granvin i Voss herad. Han er ein av to fossar, som ligg tett i tett med eit samla fall på 150 meter. Det er lett å ta seg fram til det øvste fallet, som har ei høgd på omlag 50 meter. Vegen gjennom Skjervet var fram til 2011 Riksveg 13. Då vart den 4080 meter lange Tunsbergtunnelen opna, og Skjervsvegen høyrer i dag til Tur…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skjervsfossen i Granvinelva ligg ved Skjervsvegen mellom Vossevangen og bygda Granvin i Voss herad. Han er ein av to fossar, som ligg tett i tett med eit samla fall på 150 meter. Det er lett å ta seg fram til det øvste fallet, som har ei høgd på omlag 50 meter.

Vegen gjennom Skjervet var fram til 2011 Riksveg 13. Då vart den 4080 meter lange Tunsbergtunnelen opna, og Skjervsvegen høyrer i dag til Turistveg Hardanger. På det vesle området kring fossebrinken er det stiar, trapper og ein rasteplass med toalett. Der vegen går i bru over elva, er det ein plass med rom for 3–4 bilar.

Kjelder


Koordinater: 60.587267° N 6.6374787° Ø