Dalsfjorden (Vestland)
Dalsfjorden er ein fjord i kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord i Vestland fylke. Han skjer seg austover inn i landet sørom Atløyna. Fjorden sin ytste del, frå Atløyna til Straumsnes, heiter Vilnesfjorden. Samla lengd for Dalsfjorden med Vilnesfjorden er om lag 43 km. Den indre delen er smal, berre ein halv til ein km breidd, medan fjorden er vidare lengre ute.
På Vilnesfjorden si nordside ligg mellom anna tettstaden Askvoll, som er kommunesenteret i kommunen med same namn. Mellom her, Fure på sørsida, Atløyna og Værlandet lenger ute er det ferjesamband.
Vilnesfjorden sluttar der Dalsfjorden gjer ein sving rett nordover og så rett austover igjen. På nordsida denne delen av fjorden ligg bygda Holmedal. Eit stykke austover stikk Flekkefjorden sørover til Flekke. Dalsøyna ligg aust igjen for Flekkefjorden, og på sørsida her ligg Dale i Sunnfjord, kommunesenteret i Fjaler som fjorden har namn etter.
Fjorden svingar seg vidare austover, og på fjorden si nordside ligg gardsbruka Laukeland, Standnes og Hestad på nordsida, medan Strand ligg på sørsida i Fjaler. Litt lenger aust stikk Halsnes nordover i fjorden og her svingar Dalsfjorden søraustover forbi gardsbruka [[Sunde (Sunnfjord gnr. 58/1)|Sunde] og Kleppe på nordsida. Fjorden forlet så Fjaler kommune og svingar rett austover igjen og inn til tettstaden Bygstad. Bygstad ligg ved Svædsundet og frå her held fjorden fram 1,5 km søraustover til botn av fjorden ved Osen der elva Gaula munnar ut.
Riksveg 609 går på nordsida av fjorden frå Helleset til Dale over Dalsfjordbrua. Frå her går Riksveg 57 vidare inn fjorden på sørsida. På delar av nordsida av fjorden frå Dale og inn til Bygstad går Fv391.