Bilstadvegen (Tokke)
Bilstadvegen er ein skogsbilveg i Skafså i Tokke kommune som går nordover frå Skafsåvegen til garden Barskortveiten (gnr. 148/2) litt sør for Solåsen. Vegen blei bygd kring 1984 og er om lag 5,3 kilometer lang. Det går også ein 600 meter lang avgreining til Nordre Bilstad.
Vegen har namn etter dei tre Bilstad-gardane: Nordre Bilstad (Nordigard gnr. 128/1), Midtre Bilstad (Heimigard gnr. 128/2) og Søndre Bilstad (Nigard gnr. 128/3).
Sjå også
Kilder
- Kommunekart: Bilstadvegen
- Grimdalen, Olav. Mo bygdebok. Utg. Tokke kommune. Dalen. 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Telemark Arbeiderblad (Skien) 1983.06.01. 19830601. Digital versjon på Nettbiblioteket Anbud på bygging av skogsbilveg kl. 3 frå Bilstad til Barskortveiten