Gjengedal krins
Gjengedal krins i Gloppen kommune ligg i grenda Hyen og har hatt organisert skule heilt tilbake til 1743. Krinsen vart lagt ned og ungane sendt til Hyen i 1968. Gardane Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv, og Ommedal høyrde til krinsen. Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.
Under krinsreguleringa både i 1838 og 1860 er heile Hyen ein krins med omgangsskule der læraren reiste rundt på gardane og underviste.
I 1890 kom det ny krinsregulering i Gloppen. Då var det 24 elevar i Gjengedal krins. Skulen var todelt (småskule og storskule) og heldt til i leigde lokaler på Mjellem. I 1899 fekk krinsen eige skulehus. Det var lærarbolig i skulen, saman med 5 dekar dyrka mark.
I 1934 vart det gamle skulehuset til Sandane krins vart flytta til Gjengedalen og satt opp ute på Kleiva (ikkje langt frå det gamle skulehuset). Bygget vart likevel ikkje klart til skulebruk før i 1952.
I 1968 vart Gjengedal krins lagt ned. Siste læraren på skulen var Aase Hope, som berre arbeidde eit knapt år på skulen før den vart lagt ned. På 50-talet hadde siste gardane fått veg (Mjellem og Rognkeiv) så alle elevane fekk skuleskyss ned til Hyen. Det var Nils Simonson Holme som hadde skuleskyssen.
Skuledagen
Skuleveg
Alle elevane i krinsen kunne gå til og frå skulen kvar dag etter at første skulehuset kom i 1899. Det var dårleg med vegsamband og bratt ned i frå fjellgardane Gjengedal, Mjellem og Rønnekleiv. Elevane frå Dalheim (ein husmannsplass under Gjengedal) hadde særs lang veg til skulen.
Skulehus
Gjengedal skule (1)
- Byggeår: 1899
- Fungerte som skule: 1899-1952
- Anna bruksområde: Etter 1934 fungerte huset som lærarbolig for læraren Knut Gjengedal . I dag er det feriehus.
Gjengedal skule (2)
- Byggeår: 1892
- Fungerte som skule: 1952-1968
- Anna bruksområde: Fungerte først som skulehus for Sandane gamle skule . I 1934 vart bygget flytta til Gjengedal skulekrins.
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Jens Olson Henden | Heile Hyen (omgangsskule) | 1743 | ||||
O. M. Ommedal | Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal | (seinast 1889) | (tidl. 1921) | |||
Eirik Aasebø | Gjengedal | (seinast 1893) | (tidl. 1895) | Vikar? | ||
Samson Sande | 1866 | Hyen, Gjengedal Skule | 1895 | 1936 | Stord lærerskole 1891 | |
Knut Gjengedal | 1900 | Gjengedal skule | 1936 | 1967 | Volda lærerskole 1922-25. | |
Aase Hope | 1944 | Gjengedal skule og Hyen skule | 1967 | 2006 | Firda Gymnas | Siste læraren i Gjengedal krins |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skuleprotokoll for Eimhjellen krins, Solheim krins og Gjengedal krins, 1863-1892
- Oversiktsprotokoll for Strømmen krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1938
- Oversiktsprotokoll for Strømme krins, Gjengedal krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1892-1915
- Hovudbok for Gjengedal krins, 1939-1940
- Dagbok for Strømme krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1931
- Dagbok for Gjengedal krins, Straume krins, Eimhjellen krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1889-1913
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)