Eidfjord kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Eidfjord kommune er ein kommune inst i Eidfjorden i Hardanger i Hordaland. Han grensar til hardangerherada Granvin i nord og Ullensvang i sørvest. Austom fylkesgrensa grensar han til buskerudskommunane Hol i Hallingdal og Nore og Uvdal i Numedal. Eidfjord kommune vart oppretta i 1891 då han vart skilt ut frå Ulvik. I 1964 vart Eidfjord slegen saman med Ullensvang, men vart eigen kommune att i 1977.