Ustaoset
Mal:Thumb høyreUstaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.
Topografi
Mal:Thumb høyre Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløtvatnet ved Haugastøl.
Namnet
Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".
Den fyrste busetjinga
Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet[2]. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Meinsethovda.
Stølsdrift
Opplysningane i tabellen nedanfor er henta frå Seternamnarkivet ved Universitetet i Oslo frå 1934. Stølane har vore langstølar til gardar i Moen, Kvisla, Lio, Ustedalen og Skurdalen.
Stølsnamn | Alternative namn | Gardsnummer | Bruksnummer | Høgd over havet | Status i 1934 |
---|---|---|---|---|---|
Eirikstølen | Gnr 64 Geilo | Bnr 8 Geilo, øvre | 970 moh | Nedlagt. Selt til byfolk. | |
Embrikkstølen | Gnr 65 Sølesjord | Bnr 1 Rannegard | 1115 moh | I bruk | |
Geilolie | Gnr 52 Kaupang | Bnr 1 og 3 Vindegg | 1000 moh | Nedlagt kring 1905 | |
Guristølen | Kjersundlie | Gnr 44 Trøgaton | Bnr 6 Trøgaton, nordre | 1032 moh | I bruk |
Hornebustølen | Hodnbu, Hødnbustøladn | Gnr 68 Verpe | Bnr 1 Verpe | 996 moh | Ikkje i bruk. No berre slått. 3 stølar. |
Hovdestølen | Gnr 5 Slettemoen | Bnr 2 Slettemoen, søre II | 1043 moh | I bruk | |
Huskerud | Gnr 5 Slettemoen | Bnr 2 Slettemoen, søre II | 1050 moh | Nedlagt kring 1895 | |
Kulthaug | Kuldhaug | Gnr 5 Slettemoen | Bnr 1 Slettemoen, søre | 1012 moh | Nedlagt 1929 |
Lakaset | Gnr 68 Verpe | Bnr 1 Verpe | 1150 moh | Nedlagt lenge før manns minne | |
Lauvviki | Gnr 6 Slettemoen | Bnr 1 Slettemoen, nordre | 982 moh | I bruk | |
Lii | Lie | Gnr 64 Geilo | Bnr 3 Slåtta, nedre | 907 moh | I bruk |
Lorthøl | Gnr 52 Kaupang | Bnr 1 og 3 Vindegg | 1093 moh | Nedlagt kring 1905 | |
Mestølen | Gjerdudn | Gnr 44 Trøgaton | Bnr 1 Trøgaton, søre | 1013 moh | I bruk. Frå gamalt 2 stølar med kvar sine hus. |
Nyhall | Gnr 72 Tufto | Bnr 3 Tufto, nordre | 1119 moh | Nedlagt | |
Nystølen | Gnr 52 Kaupang | Bnr 1 og 3 Vindegg | 1093 moh | I bruk | |
Osestølen | Gnr 52 Kaupang | Bnr 1 og 3 Vindegg | 1020 moh | I bruk | |
Plassen | Gnr 44 Trøgaton | Bnr 1 Trøgaton, søre | 1012 moh | Nedlagt kring 1910 | |
Prestholtstølane | Gnr 19 Nerol | Bnr 15 Rudningen | 1242 moh | I bruk | |
Prestholtstølane | Gnr 60 Pukerud | Bnr 1 og 2 Pukerud, søre | 1242 moh | I bruk | |
Prestholtstølane | Gnr 61 Isungset | Bnr 1 Isungset | 1242 moh | I bruk | |
Prestholtstølane | Gnr 66 Uthus | Bnr 1 Uthus, øvre | 1242 moh | I bruk | |
Raggen, søre | Gnr 72 Tufto | Bnr 2 Tufto millom | 1220 moh | Ikkje brukt dei siste åra | |
Rennedalen | Sekshusstølane | Gnr 47 Givsjord | Bnr 1 Givsjord, nordre | 980 moh | I bruk. Var i gamal tid 3 stølar, til gardane Sekshus, Løyte og Slåtto. |
Rennedalen, gamle | Gnr 47 Givsjord | Bnr 1 Givsjord | 980 moh | Nedlagt | |
Ruken | Gnr 64 Geilo | Bnr 12 Geilo, nedre | 1150 moh | I bruk | |
Ruken, nordre | Gnr 71 Sekshus | Bnr 1 Sekshus | 1150 moh | I bruk | |
Sisseldalen | Gnr 5 Slettemoen | Bnr 1 Slettemoen, søre II | 1010 moh | I bruk. Rudt 1929 | |
Skarvesølsviern | Gnr 47 Givsjord | Bnr 3 Givsjord, nordre | 1088 moh | Nedlagt. Ikkje brukt i manns minne | |
Smettbak | Gnr 64 Geilo | Bnr 1 Slåtto, øvre | 1012 moh | I bruk | |
Såbalstølan | Gnr 64 Geilo | Bnr 3 Slåtto, nedre | 950 moh | I bruk | |
Såbalstølan | Gnr 66 Uthus | Bnr 7 Fossgard, nordre | 950 moh | I bruk | |
Såbalstølan | Gnr 67 Hallsteinsgard | Bnr 1 og 2 Hallsteinsgard | 950 moh | Nedlagt 1920 | |
Tuva, nordre | Gnr 82 Flatåker | Bnr 1 Flatåker | 1184 moh | I bruk | |
Uppåberget | Gnr 72 Tufto | Bnr 3 Tufto, nordre | 1198 moh | Nedlagt. 3 vollar | |
Urenstølane | Gnr 47 Givsjord | Bnr 1 Givsjord | 1169 moh | I bruk | |
Urenstølane | Gnr 48 Tufto | Bnr 1 Tufto | 1169 moh | I bruk | |
Ustebergstølen | Tuftestølen | Gnr 72 Tufto | Bnr 3 Tufto, nordre | 1000 moh | I bruk. Ny bu og nytt fjøs. I eldre tid skifta dei på å bruke Ustebergstølen, Vikastølen, Nyhall, Uppåberget. |
Verpestølen, nordre | Gnr 68 Verpe | Bnr 1 Verpe | 996 moh | I bruk | |
Verpestølen, søre | Gnr 68 Verpe | Bnr 1 Verpe | 996 moh | I bruk | |
Veslestølen | Gnr 67 Hallsteinsgard | Bnr 1 og 2 Hallsteinsgard | 935 moh | I bruk | |
Vikastølen | Gnr 72 Tufto | Bnr 3 Tufto, nordre | 1000 moh | Nedlagt | |
Øynadn | Gnr 72 Tufto | Bnr 2 Tufto, millom | 1200 moh | Nedlagt | |
Åkerstølan, nedre | Gnr 55 Foss | Bnr 7 Fosshagen, nordre | 1091-1120 moh | I bruk | |
Åkerstølan, øvre | Gnr 55 Foss | Bnr 8 Fosshagen | 1091-1120 moh | I bruk | |
Årsetstøl | Gnr 55 Foss | Bnr 1 Årset, nordre | 1032 moh | I bruk |
Fotnoter
Kjelder
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
- Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.