Kaupang (Hol)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kaupang | |
---|---|
Garden Nordre Kaupang. Ukjent fotograf, 1963. | |
Fyrst nemnd: | 1424 |
Stad: | Kvisla |
Fylke: | Buskerud |
Kommune: | Hol |
Gnr.: | 52 |
Kaupang er ein gard i Kvisla i Hol kommune som omkring 1590 vart delt i Søre Kaupang og Nordre Kaupang. Søre Kaupang vart i 1727 delt i Synste Søre-Kaupang og Nordre Søre-Kaupang, mendan Nordre Kaupang vart delt i Søre Nordre-Kaupang og Nordre Nordre-Kaupang i 1765.
I 1863 vart dei to Søre Kaupanggardane samla igjen under namnet Vindegg. Bakkegard høyrde opphaveleg til Kaupang, men vart tidleg utskilt og fekk eige gardsnummer, gnr. 53. Kaupang har eller har hatt bruk og stølseigedomar i Kvisla, Skurdalen, Budalen og på Ustaoset.
Bruksdeling
Følgjande av dagens bruksnummer er eller har vore drive som gardsbruk i Kvisla:
- Bnr. 1: Vindegg.
- Bnr. 4 og 14: Hågeset.
- Bnr. 6: Heggeset.
- Bnr. 7: Trøo.
- Bnr. 8: Søre Kaupang.
- Bnr. 10: Nordre Kaupang.
- Bnr. 13: Brubakken.
Kjelde
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. Band 7: Oslo, 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket.