Ustaoset
Mal:Thumb høyreUstaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.
Topografi
Mal:Thumb høyre Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløtvatnet ved Haugastøl.
Namnet
Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".
Den fyrste busetjinga
Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Menutane. [2] I Riksantikvarens Kulturminnesøk er det dessutan registert buplassar frå steinalderen i Lauvvika, ved Verpestølen og ved utlaupet av Ustaelva. [3]
Funna frå jern- og mellomalder syner at det har vore stor jernblåsteraktivitet kring Ustevatnet, truleg også handel med jern. Her er funne kolgroper, jernvinner og restar etter slagg, til dels i dei same områda som steinalderfunna er gjort, mellom anna i Lauvvika[4] og ved Vikastølen[5], dessutan ved Hornbustølen[6] og Verpestølen[7]. Dei dreiv truleg med myrmalsmelting til inn på 1500-talet.
Nedanfor Menutane, i nærleiken av buplassane frå steinalderen, er det funne tufter etter ein buplass frå jern- eller mellomalder.[8] Det finst også restar etter fangstanlegg frå same tid fleire stader. Ved Reinsvaet, ned for dei bratte Reinsvahaugane, ligg ei samling dyregravar. Namnet gir ein pekepinn om kva slag dyr dei kunne få i gravene.[9].
Stølsdrift
På 1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker.
Tabellen nedanfor syner langstølar registrert på Ustaoset i 1934. [10]. Oversynet er ikkje komplett.
Namn | Fyrst nemnt i kjelder | Fyrste kjende eigar | Eigar ca 1934 | Nedlagt | Høgd over havet |
---|---|---|---|---|---|
Eirikstølen | 64/8 Øvre Geilo | Nedlagd før 1934 (selt til byfolk). | 0970 | ||
Embrikkstølen | 65/1 Raunsgard | I bruk kring 1934. | 1115 | ||
Geilolia | 52/1,3 Vindegg | Nedlagt kring 1905. | 1000 | ||
Kjersundlie, Guristølen | 44/6 Nordre Trøgaton | I bruk kring 1934. | 1032 | ||
Hornbustølen (Hodnbu, Hødnbustøladn) | 68/1 Verpe | Berre brukt til slått kring 1934. 3
stølar. |
0996 | ||
Hovdestølen | 5/2 Søre Slettemoen II | I bruk kring 1934 . | 1043 | ||
Huskerud | 5/2 Søre Slettemoen II | Nedlagt kring 1895. | 1050 | ||
Kulthaug (Kuldhaug) | 5/2 Søre Slettemoen | Nedlagt 1929. | 1012 | ||
Lakaset | 68/1 Verpe | Nedlagt lenge før manns minne. | 1150 moh | ||
Lauvviki | 6/1 Nordre Slettemoen | I bruk kring 1934. | 0982 | ||
Lii (Lie) | 64/3 Nedre Slåtta | I bruk kring 1934. | 0907 | ||
Lorthøl | 52/1,3 Vindegg | Nedlagt kring 1905. | 1093 | ||
Gjerdudn, Mestølen | 44/1 Søre Trøgaton | I bruk kring 1934. Frå gamalt 2 stølar
med kvar sine hus. |
1013 | ||
Nyhall | 72/3 Nordre Tufto | Nedlagt før 1934. | 1119 | ||
Nystølen | 52/1,3 Vindegg | I bruk kring 1934. | 1093 | ||
Osestølen | 52/1,3 Vindegg | I bruk kring 1934. | 1020 | ||
Plassen | 44/1 Søre Trøgaton | Nedlagt kring 1910. | 1012 | ||
Prestholtstølane | 19/15 Rudningen | I bruk kring 1934. | 1242 | ||
Prestholtstølane | 60/1,2 Søre Pukerud | I bruk kring 1934. | 1242 | ||
Prestholtstølane | 61/1 Isungset | I bruk kring 1934. | 1242 | ||
Prestholtstølane | 66/1 Øvre Uthus | I bruk kring 1934. | 1242 | ||
Raggen, søre | Ikkje brukt dei siste åra | 72/2 Myljo Tufto | 1220 | ||
Sekshusstølane (Rennedalen) | 47/1 Nordre Givsjord | I bruk før 1934. Var i gamal tid 3
stølar, til gardane Sekshus, Løyte og Slåtto. |
0980 | ||
Sekshusstølane (Gamle Rennedalen) | 47/1 Nordre Givsjord | Nedlagt før 1934. | 0980 | ||
Ruken | 64/12 Nedre Geilo | I bruk kring 1934. | 1150 | ||
Ruken, nordre | 71/1 Sekshus | I bruk kring 1934. | 1150 | ||
Sisseldalen | 5/2 Søre Slettemoen II | I bruk kring 1934. Rudt 1929. | 1010 | ||
Skarvestølsviern | 47/3 Nordre Givsjord | Nedlagt før 1934. Ikkje brukt i manns
minne. |
1088 | ||
Smettbak | 64/1 Øvre Slåtto
I bruk kring 1934. |
1012 | |||
Såbalstølan | 64/3 Nedre Slåtto | I bruk kring 1934. | 0950 | ||
Såbalstølan | 66/7 Nordre Fossgard | I bruk kring 1934. | 0950 | ||
Såbalstølan | 67/1,2 Hallsteinsgard | Nedlagt 1920. | 0950 | ||
Tuva, nordre | 82/1 Flatåker | I bruk kring 1934. | 1184 | ||
Uppåberget | 72/3 Nordre Tufto | Nedlagt før 1934. 3 vollar | 1198 | ||
Urenstølane | 47/1 Givsjord | I bruk kring 1934. | 1169 | ||
Urenstølane | 48/1 Tufto | I bruk kring 1934. | 1169 | ||
Ustebergstølen (Tuftestølen) | 72/3 Nordre Tufto | I bruk. Ny bu og nytt fjøs. I eldre tid
skifta dei på å bruke Ustebergstølen, Vikastølen, Nyhall, Uppåberget. |
1000 | ||
Verpestølen, nordre | 68/1 Verpe | I bruk kring 1934. | 0996 | ||
Verpestølen, søre | 68/1 Verpe | I bruk kring 1934. | 0996 | ||
Veslestølen | 67/1,2 Hallsteinsgard | I bruk kring 1934. | 0935 | ||
Vikastølen | G72/3 Nordre Tufto | Nedlagt før 1934. | 1000 | ||
Øynadn | 72/2 Myljo Tufto | Nedlagt før 1934. | 1200 | ||
Åkerstølan, nedre | 55/7 Nordre Fosshagen | I bruk kring 1934. | 1091-1120 | ||
Åkerstølan, øvre | 55/8 Fosshagen | I bruk kring 1934. | 1091-1120 | ||
Årsetstøl | 55/1 Nordre Årset | I bruk kring 1934. | 1032 |
Fotnotar
- ↑ NRK Hordalands Språkspalte.
- ↑ Funn registert i tilvekstkatalogen til Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.
- ↑ http://www.kulturminnesok.no/content/search?county=6&municipality=620&search=ustevatn&culture_environment=0&category=&type=&conservation=&old_function=&em_category=&em_art1=&em_old_function=1200&em_date=020&em_preserve=&environment_category=&submit=S%C3%B8k
- ↑ Treff på Lauvvika i Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Treff på Vikastølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Treff på Hødnestølen i Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Treff på Verpestølen i Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Treff på Menutane i Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Treff på Reinsvahaugene i Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
- ↑ Seternamnarkivet, Universitetet i Oslo, 1934
Kjelder
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
- Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.