Hjartdal kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hjartdal kyrkje er ei korskyrkje i tre, bygd i 1809, innvendig i 1812. Kyrkja ligg i tettstaden Hjartdal i Telemark.
Kyrkja vart restaurert i 1888 og 1941. Den har 220 sitjeplassar.
Sagnet seier at risen i Mælefjellet kasta ein stein etter stavkyrkja då den stod ferdig. Steinen traff ikkje kyrkja, men datt ned på Risvoll. I ergrelse fall risen og slo ei køft i fjellet. Denne kløfta heiter i dag Gunnegrov.
Under bondeopprøret i 1540 vart 5 bønder henretta på jordet attmed kyrkjegarden. Jordstykket heitter framleis Bråråker, som tyder blodåkeren.