Hjartdal kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Hjartdal kyrkje | |
|---|---|
| Hjartdal kyrkje, Siri Iversen (2011) | |
| Sted: | Hjartdal |
| Byggeår: | 1809 |
| Endringer: | Restaurert i 1888 og 1941 |
| Kirkegård: | ja |
| Materiale: | Tre |
| Sitteplasser: | 220 |
Hjartdal kyrkje er ei korskyrkje i tre, bygd i 1809, innvendig i 1812. Kyrkja ligg i bygda Hjartdal i Telemark.
Kyrkja vart restaurert i 1888 og 1941. Den har 220 sitjeplassar.
Sagnet seier at risen i Mælefjellet kasta ein stein etter stavkyrkja då ho stod ferdig. Steinen traff ikkje kyrkja, men datt ned på Risvoll. I ergrelse fall risen og slo ei kløft i fjellet. Denne kløfta heiter i dag Gunnegrov.
Under bondeopprøret i 1540 vart 5 bønder henretta på jordet attmed kyrkjegarden. Jordstykket heiter framleis Bråråker, som tyder blodåkeren.
Vidare lesning
- Hardang, Arne. Kyrkje- og prestesoge for Hjartdal. Utg. Buen kulturverkstad. 1994. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Utg. Vanebo. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Hjartdal kyrkje (1939-1949)
Foto: Ukjend / "Hjartdal kirke"
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket