Osterøy sogelag
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Osterøy sogelag i Osterøy kommune vart skipa i 1986. Laget gjev ut årsskriftet Osterøy i soge og samtid og har til føremål «å vekkja interesse og skapa skjønsemd for historie og lokalhistoriske tiltak i Osterøy. Det skal arbeida med opplysning og spreiing av kunnskap om vår kulturarv og verna om kulturminne av alle slag». I 2006 valde Hosanger sogelag å leggja ned arbeidet, og dei fleste medlemene gjekk inn i Osterøy sogelag.
I 2019 hadde laget 116 medlemmer.
Leiarar/sentrale personar
Geir Kleiveland har vore leiar heilt sidan oppstarten. Rune Revheim, Leiv Mæhle og Håkon Aasheim har alle sete i styret i over 20 år.
Hovudaktivitetar
Utgjeving av lokalhistoriske bøker. I tillegg kan desse arrangementa nemnast:
- 2007: Tilskipar av årsmøte/lokalhistoriske dagar for Hordaland sogelag.
- 2016: «Vegalangs på Osterøy» - i høve utgjeving av bok med same tittel skipa laget til busstur rundt Osterøy.
- 2019: Tur rundt Osterøy med veteranbåten DS «Oster», 75 deltakarar.
Publikasjonar
- Osterøy i soge og samtid, årbok, saman med Osterøy museum.
- 26 ulike bøker, m.a. allmennsoge for Osterøy i 2 band
- Tradisjonskalendrar.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).