Hordaland Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hordaland sogelag»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hordaland Sogelag er ein paraplyorganisasjon for dei lokale sogelaga i Hordaland. Laget vart skipa i 1986 som eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i tidlegare Hordaland fylke kan såleis vera medlemmer.

Ei hovudoppgåve for Hordaland Sogelag har vore å samordna arbeidet med dei årlege lokalhistoriske dagane i Hordaland. Laget har dei siste åra arrangert studieturar i vesterveg, som har gått til mellom anna Shetland, Orknøyane, Isle of Man og Island.

Det er halde kurs for lokallaga, mellom anna i å byggja opp biletsamlingar på nett. Eit anna prosjekt har vore kurs i treskolaging. I 2011 vart det halde 25-årsjubileum for Hordaland Sogelag.

I 2019 var det om lag 5000 medlemmer. Talet er stabilt, og det er jamn aktivitet.

Publikasjonar

Hordaland Sogelag starta i 2010 ein skriftserie, Segn og soge, som i 2011 er kome med eitt hefte, ei samling artiklar av historikaren Anton Espeland.

Formenn/leiarar

  • Jan B. Thorsheim 1986-1991
  • Arnstein Lohndal 1991-1995
  • Berit Kvalvik 1995-1999
  • Åse Eikemo Strømme 1999 - 2002
  • Marta Rykkje 2002-2003
  • Berit Kvalvik 2003-2005
  • Åse Eikemo Strømme 2005-2006
  • Else Marie Kind Hevrøy 2006-2014
  • Mikal Heldal 2014-2017
  • Knut Farestveit 2017-

Åse Eikemo Strømme og Mikal Heldal har sete i styret i Landslaget for Lokalhistorie, Heldal også som leiar.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer