Osterøy sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Osterøy sogelag i Osterøy kommune vart skipa i 1986. Laget gjev ut årsskriftet Osterøy i soge og samtid og har til føremål «å vekkja interesse og skapa skjønsemd for historie og lokalhistoriske tiltak i Osterøy. Det skal arbeida med opplysning og spreiing av kunnskap om vår kulturarv og verna om kulturminne av alle slag». I 2006 valde Hosanger sogelag å leggja ned arbeidet, og dei fleste medlemene gjekk inn i Osterøy sogelag.

I 2019 hadde laget 116 medlemmer.

Leiarar/sentrale personar

Geir Kleiveland har vore leiar heilt sidan oppstarten. Rune Revheim, Leiv Mæhle og Håkon Aasheim har alle sete i styret i over 20 år.

Hovudaktivitetar

DS «Oster».
Foto: Harald Sætre (2005).

Utgjeving av lokalhistoriske bøker. I tillegg kan desse arrangementa nemnast:

  • 2007: Tilskipar av årsmøte/lokalhistoriske dagar for Hordaland sogelag.
  • 2016: «Vegalangs på Osterøy» - i høve utgjeving av bok med same tittel skipa laget til busstur rundt Osterøy.
  • 2019: Tur rundt Osterøy med veteranbåten DS «Oster», 75 deltakarar.

Publikasjonar

Laget gir dessutan ut tradisjonskalendrar for Osterøy.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer