Oscar Garman Nagelstad
Oscar Garman Nagelstad (fødd 14. desember 1873 i Kristiansand, død 14. januar 1925 i Grimstad) vart student i 1893 og tok teologisk embetseksamen i 1899. Han var son av Torkel Gahrsen Nagelstad (f. 1848) og Bertine Elise Olsen (f. 1852). Farfaren Gahr Torkelsen Nagelstad var gardbrukar i Hægebostad.
I 1900 vart Nagelstad styrar ved Florø toårige middelskole, og frå 1902 var han lærar ved Fredrikstad middelskole for piger. I 1907 vart han stiftskapellan i Bergen stift før han året etter vart sokneprest i Årdal i Sogn og Fjordane. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i Hommedal (Grimstad). Han fekk avskil på grunn av sjukdom i 1923 og døydde i 1925.
Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla Årdal mållag i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.[1]. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i Landvik.
Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born.
Notar
- ↑ Hovdan-protokollen s. 185 og Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen
Kjelder og litteratur
- Gunnar Johannessen Stendal: Norske teologer, bd. 4 (Digitalarkivet)
- Oscar Nagelstad i folketeljinga 1900 for Florø
- Amunda Hovbrender i folketeljinga 1900 for Tønsberg
- Vigsel i Nykirken, Bergen, 1901
- Huslyden Nagelstad i folketeljinga 1910 for Årdal
- Gravminner i Norge, DIS Norge (søk på Nagelstad)
- Aure, Anton. (1924). Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør: Erik Gunleikson. (Digital utgåve, NBdigital)
- Ivar Aasen-tunet, Peder Hovdans Arkiv for norsk målreising, «Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195…» (handskriven protokoll), side 185.