Anders Aarvik
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Anders Aarvik (fødd 19. oktober 1884 i Rovde på Sunnmøre, død?) var lærar, lokalpolitikar og organist på Eina på Toten.
Han var son av bonde Albrekt Aarvik og Ingeborg. Anders Aarvik tok eksamen ved Volda lærarskule i 1904.
Aarvik vart som nyutdanna tilsett som lærar i krinsane Åbjør og Merket i Nord-Aurdal. I 1908 kom han til Tomlevoll skole på Eina, der han vart resten av yrkeslivet.
I 1911 vart han organist i kyrkja på Eina, og frå 1916 var han målsmann for lærarane i skulestyret. Aarvik hadde fleire kommunale ombod i bygda. Han var mellom anna overformyndar (frå 1919), kommunerevisor (frå 1923), medlem av heradsstyret (1915-18), medlem av soknerådet og formann/forretningsførar i Eina forsyningsnemnd.
19/10 1910 vart han gift med Maren Strande (1892-1940), dotter av gardbrukar Even Strande og Marthea. Dei fekk to søner og ei dotter. Eldstesonen Asbjørn Aarvik (1911-) vart òg lærar.
Kjelder og litteratur
Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket