Lulesamisk
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språkleg mellom nordsamisk i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særleg Sørfold, Hamarøy og Tysfjord kommunar) i Nordland fylke så vel som i Gällivare og Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen.