Gjesdal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjesdal krins er ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Det første man høyrer om undervisning i Gjesdal er frå 1833. Borna blei undervist på garden i privat husstand, og hørte til rode 1 som omfatta gardane: Gjesdal, Leigrovsbakken, Kjelsnes, Espehaug, Hammar, Vassenden og Strand.

På 1860-tallet blei truleg Gjesdal ein eigen skulekrins og omfatta dei nærliggande gardane: Leigrovbakken, Gjesdal, Kjelsnes og Strand. I 1891 blei Gjesdal slått samen med Fluge krins, og omfatta gardane: Flugekvam, Hjelbrekke, Stortre, Fluge, Årset, Løiset, Vassenden, Leigrovbakke, Espehaug og Gjesdal. Denne ordninga blei avvikla i 1897 under den nye krinsreguleringa. Fluge blei nedlagt og borna frå Fluge krins blei fordelt mellom krinsane Gjesdal og Eikås.

Gjesdal krins var fram til 1902 to-delt. Det same året var den tre-delt for imøtekomme det store elevtalet. Det var eksempelvis mellom 1904-1936 i gjennomsnitt heile 45 elevar i skulen kvart år.

Krinsa blei nedlagt i 1968 som følgje av krinsreguleringa, som bestemte at krisane: Eikås, Gjesdal, Sandal og Ålhus skulle samlast til sentralskulen på vassenden. Forslaget hadde allereie blitt vedtatt på byrja av 1960-tallet.

Skulehus

Gjesdal fekk sitt fyrste skulehus omkring 1898. Det var også innreia sløydslokale på loftet av skulen. Skulehuset har sidan vore nytta til ein del spesielle skuletimar i historie.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Møkelbust O.J Gjesdal 1836 1840?
Christensen Ole Gjesdal 1855 1858?
Olsen Daniel Gjesdal 1859 1860?
Skaar S. Gjesdal 1875 1876
Myklebust K. Gjesdal 1878 1880
Fugle Ludvig 1860 Gjesdal 1880 1920 Balestrand 1877
Hamar Andreas 1892 Gjesdal 1920 1962 Volda 1914
Fossheim Eivind 1892 Gjesdal 1962 1962 Volda 1913 Vikar
Hamar Bård Gjesdal 1962, 1966 1963, 1967 Var lærar for 3. klasse i to perioder: 1962-1963 pg 1966-1967
Sårheim Arnhild Gjesdal 1965 1966
Hamar Jorun Gjesdal 1966 1968

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Eikås, Gjesdal og Fluge 1877-1898
  • Dagbok for Gjesdal 1904-1936
  • Dagbok for Gjesdal 1905-1968
  • Dagbok for Gjesdal 1936-1938
  • Forhandlingsprotokoll for Gjesdal 1920-1970
  • Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
  • Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal 1878-1903
  • Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal 1867-1877