Ålhus krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ålhus krins (også skreve Aalhus) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsen dukkar fyrst opp i protokollane i 1882, men kan ha vore i drift tidligare.

Etter ei omregulering av krinsane i 1893, dekka krinsen gardane Solheim, Saareim, Aalhus, Nedrebø, Øvrebø, Hegrenæs og Bjørset. Krinsen hadde då 54 born, 30 veker skuletid og todelt skule. Gardane Solheimsnes og Sårheim vart flytta over til Svidal krins i 1894, men dette var dei råka gardane sterkt i mot. I 1897 blei Svidal skulekrins slått saman og lagt under Aalhus krins. Samanslåinga hadde blitt vedtatt av skulestyre i Jølster i 1896, men blei først gjennomført i 1897, da kyrkjedepartementet godkjente vedtaket.

Det vart i perioden 1895 til 1900 også heldt privatskule i Aalhus. Totalt var det 39 barn som blei undervist i privatskule åra 1898-1900. Frå hausten 1900 var det berre fem barn som blei undervist utanfor folkeskulen i heile kommunen.

I 1959 blei det bestemt at dei fire skulekrinsane: Aalhus, Eikaas, Gjesdal og Sandal skulle samlast til ein skulestad. Den nye skulen skulle vere på Vassenden. Da Vassenden skule blei opningsklar i 1968, vart Aalhus skulekrins nedlagt og innlemma i den nye skulen.

Skulehus

Ålhus skulehus (1)

Det første skulehuset har vært bygd ein gong før 1886, då han omtalast i skulestyrets møteprotokoll. Då er skulehuset i Ålhus i så dårleg stand, at det er behov for renovering.[1] I femårmeldinga for «Jølster folkeskoler» frå 1891-1895 står det om skulehuset at «Aalhus skolehus er opført af kretsen uden amtsbidrag og er saaledes kredsens eigedom»[2]. Då lærar Anders Pedersen Remme måtte slutte som lærar i 1897, var det på grunn av sjukdom (lungetæring). Skulestyret valde då å innvilge han vartpenge (ventelønn) sjølv om han berre hadde jobba i krinsen i to år, og beklaga samtidig for at Remme hadde måttet nytte det gamle skulehuset i Årdal, som «har voret overmåde misligt i sanitær henseende, så denne omstændlighed ialfald må antages at have forværret hans tilstand». Skulehuset var då ikkje lenger i bruk.[3] Fram til ein bygde nytt skulehus, var undervisinga i leigde lokalar.

Privatskulen på Hegrenes (1895)

Då A. K. Vie starta privatundervising i 1895, hadde skulen tilhald på Hegrenes.

Ålhus skulehus (2)

Kring 1897-1898 var prosessen med å få bygd nytt skulehus i Ålhus i gang, men krinsen var noko usamde om kvar ein skulle bygge det nye skulehuset og kor mykje kvar husstand skulle betale.[4] Så seint som etter at grunnmuren var støypt våren 1899 fekk skulestyret ønske frå deler av krinsen om å flytte skuletomta lenger mot aust. Dette vart avvist.[5] Skulehuset sto klart til bruk i 1900. I femårsmeldinga for åra 1896-1900 er det nye skulehuset skildra såleis: «I Aalhus er bygget nyt skolehus med 2 klasseværelser, Hvis gulvflade er henholdsvis 6.5 X 7 og 6.5 X 5». I ei stillingsutlysing for lærarposten i 1902 skildrast huset som eit «tidsmæssing skolehus med 2 klasseværelser og sløidlokale»[6]. Prisen for bygget vart på over 4000 kroner, mellom anna på grunn av store kostnadar for å planere lekeplassen.[7]

I 1956 blei det innlagt «drikkevatn og vassklosett» på skulen. Gangen vart også utvida og eit nytt rom til skulemateriell vart bygd.

Skuledagen

Informasjon om skuletid og fag for folkeskulen i Jølster
Foto: Henta frå: Dagbok for Ålhus skulekrins 1960-1968

I Skuleprotokoll for Ålhus skulekrins 1903-1968 oppgis det at det i 1940 ikkje vart avheldt årsprøve (grunna krigen), og at elevane istaden har fått standpunktkarakterar. I den same protokollen oppgis det at engelsk vart innført som fag ved skulane i Jølster frå hausten 1966. I 1967 var det derfor berre gitt karakterar i muntleg engelsk.

Skulevegen

Lærarar

I 1891 var lærarposten i Svidal ledig, men den aktuelle kandidaten takka nei til jobben. Som ei mellombels løysing, tok lærar og kyrkjesongar Elias Fosheim over storskulen i Svidal, medan dotter hans, Dorthea, tok småskulen i Svidal. Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus krins.[8] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Krinsen ba i 1893 om å bytte ut Dorthea Fosheim med Øvrebø, men fekk avslag fordi skulestyret var av den meining at posten snart kom til å bli ledig uansett. Fosheim kom på kant med mange av oppsitjarane i Ålhus krins (meir om konflikta i artikkelen om Svidal krins) og bytta i 1894 krins, slik at han vart lærar i Svidal i staden for i Ålhus. Lærarposten i Ålhus vart så ståande ledig ei tid, då ein ikkje fekk kvalifiserte søkjarar til posten.[9]

I 1895 ønska Ålhus krins å tilsette læraren A. K. Vie i den ledige lærarstillinga, men fekk nei frå skulestyret. Resultatet vart at A. K. Vie oppretta privatskule og 15 av gardbrukarene i krinsen tok borna sine ut av folkeskulen og lot dei få undervising hos Vie.[10] I dagboka for Ålhus skule er det for skuleåret 1895 notert at nesten alle borna i krinsen fekk privatundervising.[11] Vie fekk alt frå 1896 ein lærarpost i framhaldsskulen i Førde, så privatundervisinga har ikkje pågått veldig lenge.[12] Den neste læraren skulestyret tilsette i krinsen, Anders P. Remme, var godt likt, og borna i Ålhus gjekk igjen i folkeskulen.

O. A. Qvammen vart konstitiuert som melombels lærar i Ålhus i 1897, då lærar Remme var sjuk og ikkje kunne undervise. Året etter ga skulestyret lærarposten til Anders Andersen Fossen. Foreldra i Ålhus var ikkje nøgde med dette og i april 1898 meddeler 16 oppsitjarar skulestyret i Jølster at dei vil ta borna ut av folkeskulen frå Qvammen fråtrer som lærar.[13] Qvammen tok over privatskuledrifta i Århus våren 1898. Samstundes vart ein del born utmelde frå folkeskulen i gamle Fluge krins, som også vart undervist av Qvamme.[14] Til samanlikning med protestutmeldingane i 1895, er det ein noko mindre andel av borna i krinsen som fekk privatundervising i 1898 enn 1895, men framleis 36 av 64 born i krinsen.[15]

Kyrkjesongar Anders Fossen var lærar i Ålhus nokre år, før det igjen vart krangel. Denne gongen ønska skulestyret å omorganisere skulen i Ålhus, slik at to lærarar skulle dele krinsen. Dette var Fossen sterkt i mot, som fekk støtte frå sognepresten i saka. Skulestyret var av ei anna meining, og tilsette Johannes Ålhus som lærar i folkeskulen og fortsettelsesskulen i Ålhus.[16]

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Elias Fossheim 1846 Ålhus, Svidal, Sunde, Søgnesand 1883 1893 Balestrand 1867 og Stord 1870 Kyrkjesongar. Lærar i Svidal frå 1893. Fekk seinare jobb som lærar i Sunde og Søgnesand.
Dorthea Kristine Fosheim 1877 Ålhus, Svidal 1892 1893 Dotter av lærar Elias Fosheim. Underviste småskulen
Søren M. Øvrebø Ålhus 1891 1892 Underviste småskulen
A. K. Vie Privatskule 1895 1896 Seinare tilsett i Førde.
Anders Pederssen Remme Ålhus 1895 1897 Måtte slutte p.g.a. lungetæring. Hadde vikar det siste året.
O. A. Qvammen Ålhus, Privatskule 1897 1898 Konstituert melombels. Privatundervising i krinsen frå 1898.
Anders Fossen 1855 Ålhus 1897, 1908 1902, 1912 Hamar 1884 Kyrkjesongar. Var lærar på Ålhus i to perioder: 1893-1900 og 1908-1912
Johannes Ålhus 1880 Veiteberg, Aamot, Ålhus 1900 1908 Elverum 1900 Lærar i Veiteberg og Aamodt fram til 1903, då lærar i Ålhus.
Aud Bolæst Ålhus 1911 1912
Samuel Sandnes 1890 Ålhus 1912 1914 Volda 1911
Hermund Thune 1891 Ålhus 1914 1960 Lærarskuleeksamen 1912
Kristianne Fluge 1902 Ålhus 1927 1941
Anne Blakar Sunde Ålhus 1951 1961 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Kåre Aasen Ålhus 1961 1968
Almveig Sårheim Ålhus 1961 1962 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Erna Osvoll Ålhus 1966 1968 Lærarinne for 1. og 2. klasse

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 6.
  2. Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  3. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 48-49.
  4. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 53-54.
  5. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 61.
  6. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 70.
  7. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 65.
  8. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 21.
  9. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 32.
  10. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 33.
  11. Dagbok for Ålhus skulekrins, 1883-1904, side 46-47. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  12. Møtebok for skulestyret i Førde, 1874-1916. Side 236.
  13. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 54-55.
  14. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 56.
  15. Dagbok for Ålhus skulekrins, 1884-1904. Side 56-61. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  16. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 72-75

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Bøker

Avisar

Arkiv


Koordinater: 61.530551° N 6.234016° Ø