Svidal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Svidal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsa dukkar fyrst opp i skuleprotokollane frå 1866. I ei omregulering av krinsane i Jølster i 1893, besto krinsen av gardane Svidal, Svidalstøl, Berg og Søsetslaatterne. Krinsen hadde då 27 born, men i 1894 kom det forslag om å overføre gardane Solheimsnæs, Solheim og Saarheim frå Ålhus til Svidal krins for å holde bornetalet oppe.[1] Dette var ikkje folka der nødge med og ba året etter om å "paa en eller anden Maade" bli lagt til Ålhus krins igjen, men fekk ønsket avslått av skulestyret. Ønsket vart gjenteken (og avslått) i 1895, med den advarsel om at «Børnene fra Saareim fra Nyttaar at bortvises fra Aalhus skule» - nok som tydar på at Saarheimgarden så langt hadde gått imot skulestyret og sendt borna til Ålhus likevel.[2]

I 1897 blei Svidal slått saman med Ålhus skulekrins.

Skulehus

Det vart benytta leide lokaler for skulekrinsa. I femårsmeldinga for Jølster folkeskole 1891-1895, står det fylgjande: «I Gjesdal, Svidal og Sognesand benyttes leiede lokaler – for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiven taaligt rum i forhold til barnetallet». Plan om eit skulehus i Svidal omtalast i skulestyrets møteprotokoll i 1895, men dette arbeidet fekk liten framgang.[3] Krinsen fekk kritikk frå skulestyret i fleire omgangar fordi det gjekk sakte med skulehusprosjektet. Til slutt vart heile byggeprosjektet utsatt i påvente av at krinsen skulle slåast saman med Ålhus. I samband med konflikta millom krinsen og lærar Elias Fosheim (sjå under), kom det også fram at det var usemje i krinsen om kvar ein skulle leige skulelokale i desse åra.

I det siste året då skulen var i drift (1897), var den helde hos Anders Sjursen.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Konfliktar millom krinsen og skulestyret

Kyrkjesongar Elias Fosheim var først lærar i Ålhus krins, men kom på kant med mange av oppsitjarane der. Då Svidal i 1891 skulle tilsette ein ny lærar, takka den aktuelle kandidaten nei og som ei mellombels løysing let skulestyret Fosheim ta over storskulen i Svidal, mens dotter hans, Dorthea, tok småskulen. Gardbrukaren Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus.[4] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Forholdet mellom Fosheim og Ålhus krins verker likevel ikkje å ha vore alt for godt, for når skulestyret i 1894 finn ut at Ålhus og Svidal skal ha kvar sin lærarpost, vel Fosheim av eigen fri vilje å bytte slik at han vert lærar i Svidal krins - til tross for at denne posten medførde lengre skuleveg for han.[5]

Likevel verkar ikkje stemninga i Svidal krins å ha vore heilt god etter at dei fekk Fosheim som lærar. For det første var folka på gardane Solheimsnæs, Solheim og Saarheim misnøgde over at dei same år hadde vorte tvangsflytta frå Ålhus til Svidal krins. Dei ba skulestyret fleire gonger om å få sende borna til skulen i Ålhus, men fekk nei kvar gong. Her kan det være verdt å merke seg at Elias Fosheim hadde vore medlem i (og i periodar leiar av) skulestyret i Jølster over fleire år, og at han i så måte truleg ikkje hadde eit godt utgangspunkt med tanke på desse tre gardane. I 1896 kjem den første formelle klagen til skulestyret frå Anders J. Solheimsnes som ber om at Fosheim må suspenderast frå stillinga si. Bakgrunnen for klagen oppger protokollen å være at Fosheim skal ha brukt skuletida på slakt av ei geit. Fosheim sa på si sida at det var snakk om eit eingongstilfelle kor ei hardt skadd geit måtte naudslaktast. Han har òg meldt ein Peter Aalhus for ærekrenking i samband med at Aalhus har skulda han for tjuveri. Skulestyret avviste klagen frå Solheimsnes, og noterte også at «det endelig er skolestyret bekjendt, at klageren i længre tid har havt imod kirkjes. Fosheim».[6] Saka gjekk derimot ikkje over med skulestyrets første vedtak. Eit par møter seinere, prøver to av oppsitjarane på Sårheim igjen å få borna flytta frå Svidal til Århus krins. No trugar dei med at om ikkje får lov, kjem dei til å nekte å la Elias Fosheim undervise borna deira før han er ferdig med saka om ærekrekingar mot Peter Aalhus. Men igjen avviser skulestyret ønsket frå Sårheim og Solheimnes om å få skule i Ålhus. Foreldra står ved trugselen og tar borna ut av folkeskulen i januar 1897.[7][8] På skulestyremøtet 10. desember 1896 kjem det fram at Fosheim ikkje har undervist i Svidal - dels fordi han seier han har vore sjuk, og dels fordi gardbrukarane har nekta å halde vegen open ned til hovudvegen.[9] Løysinga for Fossheim vart å halde skule på Solheim, noko krinsen heller ikkje var nøgd med. Dei meinte at om han var frisk nok til å utøve oppgåvene sine som kyrkjesongar, samt «reise omkring i sine private forretninger både her og der», så var han frisk nok til å halde skule på Svidal. Dette skal ha auka den allereie herskande uvilja mot Fosheim i krinsen.[5] Etter ny runde med klage på eit skulestyremøte i januar 1897, gjekk dei med på å igjen halde vegen fri for snø mot at undervisinga vart helde der han skulle. Men no verkar skulestyret å få nok, og legg til ei åtvaring til lærar Fosheim om at han saka vil verte sendt vidare til overtilsynet om han ikkje no held undervising i Svidal, ettersom han dei siste åra har vist seg «idelig at komme på kant med opsidderne i sine skolekredse»[8].

I februar 1897 verker skulestyret å ha organisert oppvaskmøte. Her gjekk dei igjennom saka frå Fosheim bytta lærarposten i Ålhus med den i Svidal til krangelen om skulestad vinteren 1896/97. Her får Fosheim kritikk frå skulestyret på fleire punkt. Dei er mellom anna av den meining at det er «et sterkt stykke af Fosheim at tale så fripostelig om "nedættende beskyldning" fra skolestyrets side, og som efter hans overbevisning, "ikke kan bestå med sandheden"». Vidare seier møteprotokollen at det «er jo et ubestrideligt faktum, at Fosheim ikke alene i årevis hyppig lå i processer og allerede derved pådrog sig sit forrige skoledistrikts uvilje, der senere sterkt øgedes, men også, at forholdet mellem ham og de fleste opsiddere i hans nuværende skoledristrikt er yderlig spendt. Skolstyret kan derfor ikke indse, hvorledes Fosheim med fremgang og velsignelse for fremtiden skal kunne holde skole inden kommunen».[10]

Skulestyret såg ingen annan utveg enn å gje lærarposten i Svidal til nokon annan. Fosheim fekk likevel gode skåtsmål som lærar frå skulestyret, og som òg unnskyldte noko av oppførselen frå kyrkjesongaren med at han «den senere tid har været skrøbelig» av helse. Tjuverianklagane frå Peter Aalhus vart også bortforklart noko med at Fosheim «af naturen har et stridt sind; dette har vistnok oftere forledet ham til er rethaveri, der af og til kan have fordunklet hans retsbevidsthed». Alt i alt, seier skulestyret, har Fosheim utvist mykje betre framferd i si tid som lærar enn åra fram mot 1897 skulle tilseie. Dei ba derfor om at han skulle få ein pensjon på 4-500 kronar. Fosheim fekk også klokkargarden på Solheim til forpakting.[11] I 1900 støtta også skulestyret Fosheim sin søknad om auke i pensjon.[12]

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Skaar Svidal 1873 1877
Myklebust Svidal 1878 1879
Ludvig Fugle 1860 Svidal 1880 1891 Balestrand 1877
Elias Fosheim 1846 Ålhus, Svidal 1891 1897 Stord 1870 Kyrkjesongar. Lærar på Ålhus før 1891.
Dorthea Kristine Fosheim 1877 Svidal 1891 (1894?) Dotter av kyrkjesongar E. Fosheim.
Ludvig D. Klakeg Svidal 1897 Konstituert som småskulelærar.

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 30.
  2. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 36.
  3. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 32.
  4. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 21.
  5. 5,0 5,1 Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 43.
  6. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 39.
  7. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 40.
  8. 8,0 8,1 Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 42.
  9. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 41.
  10. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 44.
  11. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 46-47.
  12. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 65.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Dagbok for Gjesdal, Hammar og Svidal skulekrins 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Svidal og Ålhus skulekrins 1891-1914. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal skulekrins 1866-18 7 7. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Ålhus skule og Svidal skule, 1892-1915 . Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Svidal skule, 1896-1897. Digital versjo n p å Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Gjesdal skule, Hammer skule og Svidal s k ul e, 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Koordinater: 61.51358° N 6.15643° Ø