Gjesdal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjesdal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Det første ein høyrer om undervisning i Gjesdal, er frå 1833. Borna blei underviste på garden i privat husstand, og høyrde til rode 1 som omfatta gardane: Gjesdal, Leigrovsbakken, Kjelsnes, Espehaug, Hammar, Vassenden og Strand.

På 1860-tallet blei truleg Gjesdal ein eigen skulekrins og omfatta dei nærliggande gardane: Leigrovbakken, Gjesdal, Kjelsnes og Strand. I 1891 blei Gjesdal slått samen med Fluge krins, og omfatta gardane: Flugekvam, Hjelbrekke, Stortre, Fluge, Årset, Løiset, Vassenden, Leigrovbakke, Espehaug og Gjesdal. Denne ordninga blei avvikla i 1897 under den nye krinsreguleringa. Fluge blei nedlagt og borna frå Fluge krins blei fordelt mellom krinsane Gjesdal og Eikås.

Gjesdal krins var fram til 1902 to-delt. Det same året var den tre-delt for imøtekomme det store elevtalet. Det var eksempelvis mellom 1904-1936 i gjennomsnitt heile 45 elevar i skulen kvart år.

Krinsa blei nedlagt i 1968 som følgje av krinsreguleringa, som bestemte at krisane Eikås, Gjesdal, Sandal og Ålhus skulle samlast til sentralskulen på Vassenden. Forslaget hadde allereie blitt vedtatt på byrja av 1960-tallet.

Skulehus

Gjesdal fekk sitt fyrste skulehus omkring 1898. Det var også innreia sløydslokale på loftet av skulen. Skulehuset har sidan vore nytta til ein del spesielle skuletimar i historie.

På 40- og 50-talet så ein at det var behov ei utvidig av skulen, då krinsen hadde fleire born enn skulen hadde plass til. Problemet var at planane om ei sentralskule på Vassenden allereie var lagt fram, og tilsynsutvalet ved Gjesdal skule oppmoda ved fleire anledningar skulestyret om å få klarheit i planane for krinsen, for å vite om dei kunne sette i gang med dei naudsynte utbetringane av skulehuset eller skulle vente på at ei sentralskule vart bygd.[1]

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
O.J. Møkelbust Gjesdal 1836 1840?
Ole Christensen Gjesdal 1855 1858?
Daniel Olsen Gjesdal 1859 1860?
S. Skaar Gjesdal 1875 1876
K. Myklebust Gjesdal 1878 1880
Ludvig Fugle 1860 Gjesdal 1880 1920 Balestrand 1877
Andreas Hamar 1892 Gjesdal 1920 1962 Volda 1914
Eivind Fossheim 1892 Gjesdal 1962 1962 Volda 1913 Vikar
Bård Hamar Gjesdal 1962, 1966 1963, 1967 Var lærar for 3. klasse i to perioder: 1962-1963 pg 1966-1967
Arnhild Sårheim Gjesdal 1965 1966
Jorun Hamar Gjesdal 1966 1968

Foto

Fotnotar

  1. Møtebok for tilsynsutvalet i Gjesdal skulekrins, 1920-1970

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.49487° N 6.14482° Ø