Sara Oust
Sara Embretsdotter Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein kjend haugiansk lekpredikant og leiarskikkelse i Nord-Østerdalen og Sør-Trøndelag. Etternamnet blir somme stader skrive Ousten.
Bakgrunn og familie
Foreldra hennar var Embret (Engebret) Embretsson Oust (1755-1785) og Mari Persdotter Røe (ca 1745–1834). Dei var gardbrukarar på Ousta (nåverande gnr. 10/33 Østre Vingelen). Sara hadde ei to år yngre syster, Ingrid (1782-1852). Faren døydde da jentene var sju og tre år gamle. Det var ikkje lett for enkja å drive garden aleine, og som det heiter i bygdeboka: «Dei to unge døtrene fekk tidleg røyne seg på karsida, og båe to var ofte med ute i ferdesvegen».[1] Det er fortalt at mora og Sara måtte skøyte på levemåten med å køyre kol for koparverket på Røros. [2].
I 1789 gifta mora seg oppatt med den tjue år yngre drengen sin, Torger Persen Vetlgjelta (1765-1817).[3] I folketeljinga 1801[4] bur dei to systrene saman med mora og stefaren på eitt av dei mange gardsbruka som ber namnet «Vindgelen».
Forkynningsverksemda
Lokalt leiaransvar
Historisk spel om Sara Oust
Referansar
- ↑ Eggen, E. 1943:197
- ↑ Østigaard, A.D.
- ↑ Kyrkjebok for Tolga, vigselsinnførsel.
- ↑ Mal:Folketelling person
Kjelder og litteratur
- Bygdebok. Vingelen. Bind 1. Utg. av Vingelen bygdeboknemnd 2006.
- Eggen, Eystein: Vingelen. Sogeminner frå heimbygda. Normanns kunstforlag,Oslo 1943.
- Furseth, Inger: «Kvinnenes plass i haugebevegelsen», i Dørum, K. og Sødal, H.K. (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon. Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2017.
- Haukland, Linda: «Spor av haugiansk feminisme» i Lokalhistorisk magasin 2/2017.
- Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1.
- Sæter, Ivar: Tolgen. Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1908.
- Østigaard, Arne Dag: Artikkel om Sara Oust i Norsk biografisk leksikon.